Sletting av krav

Har du krav til det offentlege som du ikkje klarer å betale, kan du søkje om å få sletta heile eller delar av gjelda di. Det kallar vi ettergiving.

Vilkåra for å få sletta, eller ettergitt, krav er svært strenge, men i nokre tilfelle kan vi slette heile eller delar av gjelda di.

Innkrevjinga held fram til saka er avgjord

Merk at ein søknad om sletting av eit krav vanlegvis ikkje stoppar innkrevjinga. Det er først når du eventuelt får innvilga søknaden din at innkrevjinga stoppar.

Kven gjeld dette?

Dette gjeld deg som ikkje vil klare å betale krava dine på sikt, eller deg som over fleire år ikkje har klart å betale krava dine.

Slik søkjer du

Du kan søkje om å få sletta heile eller delar av gjelda di. 

Søknaden må innehalde eit eventuelt forslag til betaling, og den bør gjelde alle krava du har hos oss.

For å kunne innvilge søknaden din, vil vi vurdere om

  • betalingstilbodet ditt gir oss like god eller betre dekning enn vi får ved å halde fram innkrevjinga
  • ei eventuell avgjerd om å slette krava kan virke støytande eller vere eigna til å svekkje den alminnelege betalingsmoralen

Søk om sletting av krav:

Det må komme tydeleg fram kva søknaden gjeld. Dersom du har sambuar utan felles barn, må du opplyse om dette.

I tillegg må du dokumentere det som er relevant for situasjonen din, som til dømes

  • husleigekontrakt eller nedbetalingsplan for bustadlån
  • rekningar på barnepass, kommunale avgifter og bustadforsikring
  • oversikt over anna gjeld
  • stadfesting på mottak eller betaling av bidrag
  • vedtak om bustøtte eller sosialstønad
  • vedtak frå Nav, til dømes uførevedtak eller tiltaksplan ved arbeidsavklaringspengar (AAP)
  • stadfesting frå kvalifisert helsepersonell ved varige helseplager, og at dette gir nedsett betalingsevne (ikkje nødvendig om du har lagt ved uførevedtak)
  • verdivurdering eller takst av fast eigedom/bustad
  • verdibevis på andre formuesgode, som hytte, bil eller båt. Dette kan vere takst, prisforslag, kjøpskvittering eller liknande.

Du treng ikkje å dokumentere

  • inntekt og skatteoppgjer for deg og eventuell ektefelle/sambuar
  • utgifter til livsopphald

Spesielt ved

Du må dokumentere sjukdommen eller dei andre årsakene som har gitt deg varige betalingsproblem.

Viss kravet ditt er eldre enn ti år, kan du søkje om sletting utan å måtte leggje fram forslag om betaling. 

Om du har alvorlege gjeldsproblem

Om du har stor gjeld til andre kreditorar i tillegg til Skatteetaten, bør du søkje om ein felles avtale med kreditorane dine, ei gjeldsordning.