Korleis bereknar vi trekk i inntekt

Dersom du ikkje betaler det du skuldar i tide, kan vi påleggje arbeidsgivar, Nav eller andre å trekkje eit månadleg beløp frå inntekta di. Trekket går til å betale ned det ubetalte kravet ditt.

Utleggstrekk inneber at delar av løna di, inntekter frå sjølvstendig næringsverksemd, ytingar frå Nav eller andre inntekter ikkje blir utbetalte til deg, men blir overførte til Skatteetaten for å betale ned det du skylder. Trekket kan vere ein viss prosent av løna di eller eit fast beløp i månaden.

Pengane blir trekte utan ditt samtykke, men vi varslar deg før den første gongen vi trekkjer i inntekta.

Korleis bereknar vi storleiken på beløpet

Når vi bereknar kor mykje vi skal trekkje, tar vi omsyn til inntektene dine og utgifter som forskottstrekk av skatt, buutgifter og bustadlån, utgifter til livsopphald, utgifter til barnehage og så vidare.

Husstanden skal ha nok igjen til nødvendig livsopphald. Satsane til livsopphald er berekna for å dekkje utgifter som utgifter til mat, drikke, klede, sko, straum, fyring, helse, hygiene, telefon, avis, reiser, daglegvarer og møblar.

Utgifter til forbrukslån og studielån blir ikkje rekna som utgifter til nødvendig livsopphald, og vi vil i utgangspunktet ikkje ta omsyn til desse i vurderinga.

Om du ikkje har sendt inn opplysningar til oss før trekket startar, bruker vi standardsatsar for utgifter som mellom anna husleige.

Konsekvensar for sambuar eller ektefelle

Du har personleg ansvar for eiga gjeld. Vi tar ikkje utlegg i løna eller trygda til sambuar eller ektefelle, men i løna eller trygda du får.

Sambuar eller ektefelle kan likevel bli ramma av trekket fordi dei samla inntektene i hushaldninga blir reduserte i trekkperioden.

Klage

Om vi har starta tvangsinnkrevjing og du meiner at trekket i inntekta er for høgt, kan du søkje om å få endra eller stoppa trekket.

Du har rett til å klage på avgjerda om utlegg og andre avgjerder vi har tatt. Klagefristane kan variere frå sak til sak.