Meld frå om endring av arbeidsgivar og yting
Kontakt oss om du har fått ny arbeidsgivar eller fått endra yting frå Nav. Om ikkje, risikerer du at trekkperioden kan bli lengre, og du kan opparbeide deg meir gjeld.
Arbeidsgivarar har ansvar for seie frå når du sluttar i jobb, men i praksis ser vi at nokre arbeidsgivarar er forseinka med dette. Det påverkar nedbetalinga av kravet ditt og kan forlengje trekkperioden, og gjelda kan bli større. Melder du frå til oss, kan du unngå dette.