Dokumentasjon

Du er sjølv ansvarleg for å sende inn dokumentasjon i samband med klagen eller andre tilfelle der det er nødvendig å dokumentere opplysningar.

Døme på utgifter og korleis du må dokumentere dei

  • bustadlån – terminbeløp, nedbetalingstid og kven som er eigar av lånet
  • husleige – kopi av kontrakten eller spesifisert faktura
  • bustadforsikringforsikringsavtale eller spesifisert faktura
  • kommunale avg­­ifter – kopi av faktura
  • barnepass (SFO/AKS eller barnehage) – kopi av faktura
  • barnebidrag – kopi av bidragsavtale og dokumentasjon på at bidraget blir betalt
  • at du er student dersom det er tilfelle – kopi av studiebevis og stadfesting frå Lånekassen på at du får/ikkje får studielån

Du treng ikkje å dokumentere utgifter til livsopphald med mindre dei er ekstraordinære.

I nokre tilfelle kan vi også ta omsyn til andre dokumenterte utgifter

Har du veldig høge straumutgifter, må du sende oss ei grunngiving for dei høge straumutgiftene og dokumentasjon på kostnadene av eit heilt års forbruk av straum/oppvarming. Deretter vil vi berekne eit gjennomsnitt per månad.

Ved ekstraordinært høge straumprisar, kan vi berekne dei gjennomsnittlege utgiftene på andre måtar. 

Har du samvær med barn, treng vi kopi av samværsavtalen og kopi av kvitteringar for reiseutgifter du har plikt til å betale.

Har du ekstraordinære utgifter til helse eller medisinar utover frikortordninga, må du dokumentere dette. Slik dokumentasjon kan vere

  • stadfesting frå lege eller behandlar om at utgifta er nødvendig og ikkje blir dekt av det offentlege

Du må også dokumentere kven som er lege/behandlar, kor mykje behandlinga kostar totalt og kor lang tid behandlinga strekkjer seg over.

Utgifter til transport i samband med medisinsk behandling blir dekte gjennom andre offentlege ordningar. Vi tar derfor ikkje omsyn til desse utgiftene når vi vurderer saka di.

Livsopphaldssatsen føreset bruk av kollektiv transport mellom heimen og arbeidsstaden. I nokre tilfelle kan vi likevel ta omsyn til at du treng bil og derfor har utgifter til billån:

Du må ha bil for å kunne vere i jobben
Er du nøydd til å bruke bil til og frå arbeidsstaden, må du sende oss 

  • stadfesting frå arbeidsgivaren din på kor mange kilometer du må køyre til og frå arbeidsstaden kvar dag og at du ikkje kan bruke kollektivtransport
  • kopi av rekning for forsikring på bilen
  • kopi av nedbetalingsplanen for eit eventuelt billån

Du må ha bil på grunn av helse

Er du nøydd til å bruke bil til daglege gjeremål, må du sende oss 

  • stadfesting frå lege eller behandlar på at du ikkje kan bruke kollektiv transport. I stadfestinga må det stå omlag kor mange kilometer du treng å køyre i løpet av ein månad.
  • kopi av rekning for forsikring på bilen
  • kopi av nedbetalingsplanen for eit eventuelt billån

Du er student og treng bil for å fullføre utdanninga
Utdanningsstaden må gi ei stadfesting på at du studerer der. Denne stadfestinga må du sende til oss.

Du må også dokumentere ekstraordinære utgifter som til dømes høge tannlegeutgifter, utgifter til konfirmasjonen til eigne barn (ikkje gåver) eller utskifting av kvitevarer.

Inntekta til sambuar, ektefelle eller andre vaksne i husstanden

Som regel deler vi utgiftene til husstanden på to, til dømes når vi bereknar trekk i inntekta.

Du kan bli beden om å dokumentere inntekta til sambuaren eller ektefellen din, eller andre vaksne i husstanden.