Konkurs

Sjå kva du kan gjere om du har fått eit konkursvarsel, har gått konkurs, eller om du har lønnstrekk hos ein arbeidsgivar som har gått konkurs.

Eg har fått eit konkursvarsel

Om du har fått eit konkursvarsel frå oss, er det viktig at du gjer det du kan for å unngå ein konkurs eller redusere konsekvensane av ein konkurs.

 

Om du har fått eit konkursvarsel, må du sørgje for å betale kravet du skuldar om du kan. Betalingsinformasjonen finn du i konkursvarselet du har fått, eller ved å logge på Altinn.

Om du ikkje har betalt kravet innan fristen i konkursvarselet, vil Skatteetaten vurdere å be tingretten om å opne konkurs. Sjå informasjon om konkursbehandling i tingretten.

Om du ikkje kan betale med ein gong, kan du søkje om ein betalingsavtale.

Om du har opplysningar som kan påverke om du kan gå konkurs, til dømes at du har eigedelar Skatteetaten ikkje kjenner til, bør du informere oss om dette. 

Det er viktig at du behandlar alle kreditorane dine likt. Om du til dømes betaler enkelte, men lèt andre vente, kan slike betalingar bli gjort om (omstøytte) i ein konkurs.

Du kan kontakte Nav for gratis økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving.

Gjeldsrådgivinga til kommunen tilbyr gratis rettleiing til innbyggjarar som har økonomiske problem.

Eg er under konkursbehandling

Under ei konkursbehandling mister du retten til å bestemme over eigedelane dine, og tingretten utnemner ein bustyrar som får ansvar for bubehandlinga. Ta kontakt med bustyraren for å få informasjon om rettane og pliktene dine.

Skatteetaten vil sende ei oversikt over krava våre til bustyraren. Dersom det er midlar i buet, vil bustyraren fordele desse til kreditorane etter prioriteten og storleiken på krava.

Du kan ikkje søkje om betalingsavtale eller gjeldsordning medan du er under ei konkursbehandling.

Når du går konkurs skal både du og konkursbuet levere skattemeldinga, men for ulike forhold:

  • Konkursbuet  skal levere skattemelding for inntekter og formue som tilhøyrer buet etter konkursopninga. Dette gjeld til dømes inntekter frå sal av eigedelar i buet.
  • Du skal levere skattemelding for inntekter og formue som ikkje inngår i buet, og for perioden før konkursopninga. Du må også opplyse om eventuelle skattefrie inntekter som er trekte inn i buet.

Når konkursbehandlinga er avslutta

Du er sjølv ansvarleg for gjelda som står att etter at konkursbehandlinga er avslutta. Det betyr at du framleis må betale det du skuldar.

Søkje om ein betalingsavtale eller gjeldsordning

Etter at konkursbehandlinga er avslutta kan du søkje Skatteetaten om ein betalingsavtale eller namsmannen om offentleg gjeldsordning (politiet.no).

Arbeidsgivaren min har gått konkurs

Forskottstrekk

Viss arbeidsgivaren din har trekt forskottstrekk frå inntekta di, og går konkurs utan å ha overført pengane til Skatteetaten, må du sende oss kopi av lønnsslippane som viser trekka eller annan dokumentasjon på dette.

Om du ikkje kan dokumentere at det er trekt skatt av lønna di, kan du risikere å få restskatt.

Dersom det er vanskeleg å dokumentere trekket, eller viss arbeidsgivaren din verken har rapportert inntekta di eller betalt inn forskottstrekk til Skatteetaten, må du kontakte oss.

Trekk i lønn

Om du har trekk i lønn, og arbeidsgivaren din går konkurs utan å ha overført pengane til Skatteetaten, må du skrive til oss og leggje ved kopi av lønnsslippane som viser trekka.