Motrekning
Viss du skulder pengar til det offentlege, kan pengar du har til gode bli brukt til å betale ned på det du skuldar. Dette blir kalla motrekning.
Du får eit brev frå oss som viser ei oversikt over kva krav som er motrekna. Om du framleis har pengar til gode etter motrekninga, får du dei utbetalt.
Vi kan motrekne deg sjølv om du har ei betalingsordning eller trekk i inntekta di.
Når du får brevet om at vi motreknar deg, har vi allereie starta motrekninga for kravbeløpet som står i brevet, og vi kan ikkje stoppe motrekninga.
Har du betalt for mykje, vil du få pengane betalt tilbake frå oss.
Du kan klage dersom du er ueinig i motrekninga. Dette gjeld til dømes om du treng pengane du har til gode, for å ha noko å leve av.
Du vil ikkje få medhald i klaga di viss til dømes
- motrekninga skjer mellom krav av same type (til dømes at restskatt blir motrekna i skatt til gode)
- du har bestilt ferie
- du har eit privat lån du hadde tenkt til å nedbetale
- du hadde tenkt å setje av pengane til sparing
Du kan også sende klagen i posten. Klagen må vere skriftleg og signert. Du må grunngi klaga di. Hugs å leggje ved relevant dokumentasjon.
Send klagen til:
Skatteetaten
Postboks 455
8601 Mo i Rana
Logg inn og fyll ut RF-1373:
Du kan også sende klagen i posten. Klagen må vere skriftleg og signert. Du må grunngi klaga di. Hugs å leggje ved relevant dokumentasjon.
Send klagen til:
Skatteetaten
Postboks 455
8601 Mo i Rana
Klagefrist
Fristen for å klage vil gå fram av brevet du har fått.