Solidarisk ansvar

Solidarisk ansvar, eller solidaransvar, betyr at fleire personar er ansvarlege for å betale det same kravet. Alle personane er ansvarlege for heile beløpet til det er nedbetalt.

Viss éin betaler inn på kravet, blir kravet redusert med tilsvarande beløp også for dei andre. Betaler éin heile kravet, er kravet innbetalt også for dei andre ansvarlege.

Døme:
De er tre solidaransvarlege, og kravet er på 21 000 kroner.
Dersom du betaler inn 7 000 kroner, betyr det at restkravet er på 14 000 kroner.

Men framleis vil de alle tre, inkludert deg, vere ansvarlege for restkravet på 14 000 kroner – sjølv om du har betalt det du reknar som "din del".

Forseinkingsgebyr for årsrekneskap

Det er verksemda som i første omgang har ansvaret for å betale gebyr for forseinka innlevert årsrekneskap. Viss verksemda ikkje betaler er du, som medlem i styret, deltakar i verksemda eller dagleg leiar, solidarisk ansvarleg for å betale gebyret. 

Viss verksemda går konkurs eller blir sletta, forsvinn ikkje forseinkingsgebyret. Som solidaransvarleg er du framleis ansvarleg for at kravet blir betalt. 

Erstatningskrav

Om fleire er dømde til å betale eit erstatningskrav, vil dei vanlegvis vere solidarisk ansvarlege.