Avgjerd om utlegg
Har du ikkje betalt det du skuldar innan betalingsfristen, har vi plikt til å undersøkje korleis vi kan få dekt kravet.
Når vi skal vedta utlegg, også kalla utleggsforretning, undersøkjer vi kva du eig og om vi kan ta pant i eigedelar, trekkje i inntekta di eller gjere begge delar.
Betalingsmerknad
Ei avgjerd om utlegg kan føre til at det blir registrert ein betalingsmerknad på deg eller bedrifta di. Ein betalingsmerknad vil gjere det vanskeleg å få nye lån, kredittar og abonnement som til dømes mobilabonnement.
For å få sletta betalingsmerknaden, må du betale krava.
Du kan stoppe avgjerda om utlegg ved å betale
Du kan stoppe ei avgjerd om utlegg ved å betale heile kravet, inkludert renter og kostnader. Pengane må vere registrerte hos oss før vi vedtar utlegget.
Om du ikkje kan betale før avgjerda om utlegg
Om du har fått varsel om at vi skal vedta utlegg og du ikkje kan betale, kan vi ta pant i eigedelane dine eller trekkje i inntekta di. Derfor bør du gi oss oppdaterte og dokumentere opplysningar om økonomien din – som inntekter og utgifter, slik at du ikkje risikerer å få for høgt trekk i inntekta di.
Du kan også gi opplysningar om eigedelar og eigedommar som kan ha noko å seie for kva vi eventuelt tar pant i.
Du har rett til å klage på avgjerda om utlegg.
Klagefristane kan variere frå sak til sak. Du finn informasjon om klagefrist og korleis du kan klage i breva du får frå oss.
Du har personleg ansvar for eiga gjeld. Vi kan ikkje trekkje i inntekta til sambuaren eller ektefellen din. Sambuaren eller ektefellen din kan likevel bli ramma av trekket fordi dei samla inntektene i hushaldet blir reduserte i trekkperioden.
Vi kan heller ikkje ta pant i ektefellen eller sambuaren din sin del av ein eigedom, berre i den delen du eig. Om de vurderer å ta opp nytt eller refinansiere eit lån, kan det bli vanskelegare dersom det er tatt delvis pant i bustaden dykkar.
Ei avgjerd om utlegg kan ha tre utfall:
- Vi trekkjer deg i inntekt
Du blir trekt eit visst beløp kvar månad av arbeidsgivaren din eller av Nav. - Vi tar utleggspant
Dette betyr at vi tar pant i eigedelar (formuesgode), til dømes fast eigedom, bil, bankkontoar eller verdipapir. Vi kan då be om tvangssal av det vi har tatt pant i. Dersom vi tar pant i ein bankkonto, vil kontoen bli sperra for det aktuelle beløpet. - Vi finn ikkje noko til utlegg
Det betyr at vi ikkje har funne inntekt vi kan trekkje i eller eigedelar vi kan ta pant i.
Du kan få ein betalingsmerknad i alle tre tilfella.