Betalingsmerknader
Om vi vedtar eit utlegg – til dømes med pant i noko du eig – melder vi dette inn til offentlege register. Kredittopplysningsbyråa har tilgang til desse registera, og vil registrere ein betalingsmerknad på deg.
Ein betalingsmerknad vil gjere det vanskeleg å få nye lån, kredittar og abonnement som til dømes mobilabonnement.
Slik oppstår betalingsmerknader
Du kan få betalingsmerknad hos kredittopplysningsbyråa viss
- det er vedtatt utlegg
- det er registrert trekk i inntekta di
- det er tatt pant i eigedelar
- du er registrert konkurs
- du har ei gjeldsordning
Korleis blir betalingsmerknaden sletta?
Når krava i betalingsmerknaden er betalte, får dei aktuelle offentlege registera beskjed om dette. Kredittopplysningsbyråa registrerer og slettar betalingsmerknader ut frå tilgangen sin til desse registera. Ønskjer du ei oversikt over betalingsmerknadene dine, må du derfor kontakte eit kredittopplysningsbyrå.
Dersom kravet ditt gjeld eit underhaldsbidrag, må det løpande trekket i inntekt stoppast før vi sender beskjed til dei offentlege registera.
Frå vi har fått oppgjeret frå deg, tar det vanlegvis litt tid før slettinga er oppdatert hos finans- og kredittinstitusjonane.