Krevje inn tvangsbot
Vi kan krevje inn tvangsbot på vegner av deg om du ikkje respekterer avgjerder om samvær, foreldreansvar eller kvar barnet skal bu fast.
Pengane går til staten
Domstolane kan fastsetje tvangsbot dersom avgjerder om samvær, foreldreansvar eller kvar barnet skal bu fast, ikkje blir respekterte. Vi pålegg tvangsbota for å tvinge fram ei handling. Det er Skatteetaten som krev inn tvangsbota, og pengane går til staten.
Slik går innkrevjinga føre seg
Domstolen kan fastsetje tvangsbot for å leggje press på den forelderen som ikkje bidreg til at samværet blir gjennomført. Den forelderen som hindrar samværet kan få tvangsbot kvar gong samværsretten som er vedtatt, ikkje blir gjennomført.
Domstolane kan også fastsetje tvangsbot for å sikre at avgjerder om foreldreansvar og om kvar barnet skal bu fast, blir følgde. I desse tilfella vil tvangsbota vere løpande per dag eller veke.
Det må liggje føre ei avgjerd om samvær, fast bustad eller foreldreansvar før domstolen kan påleggje ei tvangsbot. Viss foreldra har ein skriftleg avtale om foreldreansvar, bustad og samvær, kan Statsforvaltaren vedta at avtalen skal gjennomførast (bli tvangsfullbyrda).
Det er berre retten som kan påleggje tvangsbot, ikkje Skatteetaten.
Om du vil at vi skal krevje inn tvangsbot på vegner av deg, må du melde det inn til oss.
Vi kan ikkje krevje inn tvangsbot for meir enn åtte samanhengande veker.
Du må fylle ut skjemaet og sende det til oss anten i post eller ved å logge inn.
Skal du sende oss brev i posten, må du bruke denne adressa:
Dersom det er første gongen du melder inn eit krav, må du leggje ved avgjerda frå domstolen der tvangsbota er fastsett. Gjeld tvangsbota samvær, må du også sende oss dokumentasjon på samværsordninga.
Pengane blir kravde inn av Skatteetaten og går til staten, ikkje til deg personleg.