Livsopphald

Dersom vi må gjennomføre ei tvangsinnkrevjing og trekkjer deg i inntekta di, skal du likevel sitje att med nok pengar til livsopphald. 

Det betyr at vi – når vi til dømes bereknar eit trekk – skal sørgje for at du har nok pengar til å dekkje nødvendige leve- og bukostnader. 

Viktig informasjon

For å vere sikre på at vi ikkje trekkjer deg for mykje, må du sjekke at vi har dei rette opplysningane om utgiftene du har til

  • bustad
  • barnepass
  • barnebidrag
  • eventuelle ekstraordinære utgifter

Om vi ikkje har dei rette opplysningane, må du dokumentere dei opplysningane du meiner er rette, og sende dei til oss.

 

Satsane for livsopphald blir bestemde av barne- og familiedepartementet og er berekna for å dekkje utgifter til mat, klede, straum, fyring, transport, innbuforsikring, helse, hygiene, telefon- og mediebruk, fritidsaktivitetar og liknande. Vi bruker desse satsane som grunnlag for å berekne storleiken på trekket ditt.

Utgiftene til livsopphald treng du ikkje å dokumentere, med mindre dei er ekstraordinære.