Pant i eigedelar
Om du har eit ubetalt krav som vi tvangsinnkrev, kan vi ta eit utleggspant i det du eig. Det betyr at vi kan selje det vi har tatt pant i seinare, for å dekkje kravet.
Slette pantet
For å få sletta eit utleggspant, må du betale krava som er grunnlaget for pantet.
Før eit utleggspant
For å ta pant i verdiane dine må vi først vedta utlegget, der vi vurderer korleis vi skal kunne dekkje kravet du skuldar. Vi varslar deg vanlegvis før vi tar denne avgjerda.
Vi kan ta pant i det du eig
Vi kan ta pant i fast eigedom som til dømes hus, hytte eller tomt. Vi kan også ta pant i bankkontoar, verdipapir, bil, båt eller annan verdifull lausøyre. Hovudregelen er at vi kan ta utlegg i alle eigedelane eller verdiane som tilhøyrer deg. Du har plikt til å fortelje oss om alt du eig som det er mogleg å ta pant i.
Vi vil aldri ta pant i meir enn det som er nødvendig for å få dekt kravet.
For privatpersonar tar vi ikkje pant i
- klede, innbu og andre personlege ting, så lenge dei ikkje har veldig høg verdi
- pengar til nødvendig livsopphald fram til neste gong du får utbetalt lønn eller trygd
- bil som er verdt mindre enn 2/3 G om du treng han i jobb eller utdanning
Om vi tar pant i noko du eig, blir det registrert ein betalingsmerknad på deg.
Dersom vi tar pant i ein bankkonto, vil kontoen bli sperra for det aktuelle beløpet.
Når kontoen er sperra, kan vi be banken om å overføre heile eller delar av dette beløpet til oss for å dekkje ubetalte krav.
Har vi har tatt pant i noko du eller bedrifta di eig, kan vi bruke pantet som grunnlag for tvangssal for å få dekt ubetalte krav.
Du vil få eit varsel før eit eventuelt tvangssal.
Det er som ein hovudregel mogleg å klage på utleggspantet fram til vi har bede om tvangssal av det vi har tatt pant i.
Klagefristane kan variere frå sak til sak. Du finn klagefristen som gjeld di eiga eller bedrifta si sak, i breva frå oss.
Du har personleg ansvar for eiga gjeld. Vi kan ikkje ta pant i ektefellen eller sambuaren din sin del av ein eigedom, berre i den delen du eig.
Om de vurderer å ta opp nytt eller refinansiere eit lån, kan dette bli vanskelegare viss det er tatt delvis pant i bustaden dykkar.