Betalt inn for mykje på eit krav
Om du har betalt inn meir enn du skulle på til dømes eit erstatningskrav eller eit gebyr, får du pengane tilbake, eller dei blir brukte til å dekkje andre krav du har hos oss.
Har du betalt inn meir enn du skulle, vil vi
- anten betale deg tilbake det du har betalt for mykje
- eller bruke pengane til å dekkje andre ubetalte krav – det får du i så fall beskjed om på førehand
Normalt oppdagar vi raskt om du har betalt inn for mykje. Dersom du ikkje har fått tilbake pengane i løpet av ei vekes tid, kan du ta kontakt med oss.