Fullmakt når vi krev inn på vegner av andre
Du kan gi andre fullmakt til å opptre på dine vegner i saker der vi krev inn pengar for andre.
Denne sida gjeld krav frå offentlege aktørar og privatpersonar vi krev inn pengar på vegner av.
For skattekrav og krav frå Nav gjeld eigne fullmakter:
Viktig når du gir fullmakt
Fullmakta må
- vere tydeleg på kven du gir fullmakt til
- skildre kva fullmakta gjeld og om den har nokre avgrensingar
- opplyse om kor lenge fullmakta varer
- vere signert av deg
Om du sender fullmakta på papir, må du leggje ved kopi eller bilete av gyldig legitimasjon til den som gir fullmakta.
Du kan velje om du vil lage ei eiga fullmakt eller om du vil bruke skjemaa våre.
Generell fullmakt
Du kan gi andre fullmakt til å
- få og gi opplysningar om deg og den økonomiske situasjonen din
- forhandle og inngå avtalar på dine vegner
Fullmakt ved klage til tingretten
Om du har fått brev frå oss med informasjon om at du kan klage til tingretten, kan du gi andre fullmakt til å klage på dine vegner. Dette krev ei eiga fullmakt.
Den du gir fullmakta til, må vere ein namngitt person.
Du må sende fullmakta til oss saman med klagen.
Gi fullmakt til å representere meg ved klage til tingretten (PDF)