Betale krav vi krev inn for andre
Betalingsinformasjon for deg som skal betale gebyr, erstatningskrav, tvangsmulkt eller andre krav vi krev inn på vegner av andre offentlege aktørar.
Denne sida gjeld krav frå ei rekkje offentlege aktørar vi krev inn pengar på vegner av, men ikkje krav frå Nav.
Er forfallsdatoen passert, og det er renter på kravet, må du ta kontakt med oss for å få oppgitt det nøyaktige beløpet.
Du finn også betalingsinformasjonen når du har logga inn.
Betale utan å logge inn
Om du ikkje har høve til å logge inn, kan du betale i nettbanken eller med kort.
Kontonummeret du skal bruke er 7694 05 12057.
Når du betaler, må du skrive inn heile KID-nummeret. Viss KID-nummeret sluttar med ein bindestrek, må du òg taste inn bindestreken.
Er forfallsdatoen passert, og det er renter på kravet, må du ta kontakt med oss for å få oppgitt det nøyaktige beløpet.
Betalingsinformasjon:
Skatteetaten
Postboks 455
8601 Mo i Rana
Noreg
Bank: DNB, Postboks 1600 Sentrum, NO-0021 Oslo
BIC (SWIFT): DNBANOKKXXX
IBAN: NO98 7694 0512 057 (dei to første er bokstavar, resten er tal)
Bruk KID-nummeret frå den tilsende betalingsblanketten når du betaler, elles blir ikkje innbetalinga knytt til deg. Viss KID-nummeret sluttar med ein bindestrek, må du òg taste inn bindestreken. Alternativt kan du bruke «referansen vår» eller «kravnummer» som betalingsinformasjon på kravet.
Er forfallsdatoen passert, og det er renter på kravet, må du ta kontakt med oss for å få oppgitt det nøyaktige beløpet.
Du kan betale med kort utan å logge deg inn.
Når du betaler, må du skrive inn heile KID-nummeret. Viss KID-nummeret sluttar med ein bindestrek, må du òg taste inn bindestreken.
Er forfallsdatoen passert, og det er renter på kravet, må du ta kontakt med oss for å få oppgitt det nøyaktige beløpet.
Det kan vere rimelegare å betale med kort enn å betale frå ein utanlandsk bank.
Kan du ikkje betale heile kravet?
Du bør alltid betale kravet ditt om du kan. Om du ikkje kan betale, kan du søkje om ein betalingsavtale.