Betalingsavtale for barnebidrag og andre underhaldsbidrag

Om du har bidragsgjeld og ikkje kan betale heile beløpet på ein gong, kan du søkje om å dele opp kravet. 

Du kan berre få ein betalingsavtale for bidragsgjelda di. Det månadlege bidraget kan ikkje delast opp. Du kan heller ikkje få betalingsavtale for særtilskott.

Når ordninga med barnebidrag kjem i gang, har det gjerne samla seg opp pengar som du som bidragspliktig skuldar bidragsmottakaren. Dette er fordi barnebidraget gjeld frå datoen de søkte. Det får altså tilbakeverkande kraft, og er dermed ei bidragsgjeld som du skal betale.

Når du får rekninga med bidragsgjeld, kan du velje å anten betale heile beløpet på ein gong eller fordele det utover fleire månader gjennom ein betalingsavtale. Du må altså betale denne bidragsgjelda i tillegg til det månadlege bidraget.

Om du ikkje betaler bidragsgjelda, vil saka kunne gå til tvangsinnkrevjing.

Dele opp bidragsgjeld

Du kan dele opp betalinga om du har krav om barnebidrag eller anna underhaldsbidrag med tilbakeverkande kraft (bidragsgjeld). 

Logg inn og fyll ut RF-1374:

Del opp betalinga

For å kunne sende inn skjemaet for andre, må du ha tilgang på vegne av personen eller virksomheten du representerer. Oversikt over dine roller og rettigheter finner du i din profil i Altinn (altinn.no).

For å fylle ut og sende inn skjemaet, må du ha enten

  • Altinn-rollen Begrenset signeringsrett

eller

  • tilgangspakke Innkreving

Hvis du trenger tilgang på vegne av en virksomhet og du ikke har noen av disse rollene, må du kontakte daglig leder i virksomheten din, eller en person med tilgangstyringsrettigheter.

Kontakt Altinn brukerservice (altinn.no) hvis du har problemer med roller og rettigheter.

  • Krav under 100 000 kroner skal vere nedbetalte innan 2 år, og det månadlege beløpet må vere på minst 500 kroner.
  • Krav på 100 000 kroner eller meir skal vere nedbetalte innan 4 år.

Du kan sjølv føreslå eit månadleg betalingsbeløp over minimumsbeløpa. Vi vurderer forslaget ditt opp mot vilkåra våre. 

Du kan ikkje ha fått varsel om utlegg for krava du søkjer betalingsavtale for, og det kan heller ikkje vere vedtatt at du skal trekkjast i inntekta di. 

Du kan ikkje klage på ein betalingsavtale.

Det er viktig at du følgjer opp avtalen for at kravet ditt ikkje skal gå vidare til tvangsinnkrevjing og dermed trekk i inntekta di.

Om du har alvorlege gjeldsproblem

Om du har stor gjeld til andre kreditorar i tillegg til Skatteetaten, bør du søkje om ein felles avtale med kreditorane dine, ei gjeldsordning.