Fullmakt relatert til krav om bidrag og tilbakebetaling

Du kan gi andre fullmakt relatert til krav om bidrag og tilbakebetalingssaker frå Nav, Helfo og Garantikassen for fiskarar.

Logg inn og fyll ut RF-1375:

Gi fullmakt

For å kunne sende inn skjemaet for andre, må du ha tilgang på vegner av personen eller verksemda du representerer. Oversikt over rollene og rettane dine finn du i profilen din i Altinn (altinn.no).

For å fylle ut og sende inn skjemaet, må du ha anten

  • Altinn-rolla avgrensa signeringsrett

eller

  • tilgangspakke innkrevjing

Kontakt Altinn brukarservice (altinn.no) om du har problem med roller og rettar.

Om du ikkje kan sende fullmakta via det elektroniske skjemaet på altinn.no, må du sende ei fullmakt du formulerer sjølv, per post til: 

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Du kan gi andre fullmakt til å få og gi opplysningar, inngå avtalar på dine vegner og representere deg rettsleg i saker relaterte til krav om bidrag og tilbakebetaling.

Viktig når du gir fullmakt

Fullmakta må

  • vere tydeleg på kven du gir fullmakt til
  • skildre kva fullmakta gjeld og om ho har nokre avgrensingar
  • informere om kor lenge fullmakta varer
  • vere signert av deg