Klage på innkrevjinga av barnebidrag og andre underhaldsbidrag

Når vi krev inn pengar på vegner av andre, har du har rett til å klage på innkrevjinga.

Gjeld det meg?

Denne sida gjeld krav om barnebidrag og andre underhaldsbidrag.

Du kan klage til oss om du meiner noko er feil i saksbehandlinga eller innkrevjingsprosessen. Om du vil klage på sjølve kravet, må du kontakte dei som har oppretta kravet.

Vel rett klageskjema

Du kan klage på:

For å kunne sende inn skjemaet for andre, må du ha tilgang på vegner av personen eller verksemda du representerer. Oversikt over rollene og rettane dine finn du i profilen din i Altinn (altinn.no).

For å fylle ut og sende inn skjemaet, må du ha anten

  • Altinn-rolla Begrenset signeringsrett

eller

  • tilgangspakke Innkreving

Kontakt Altinn brukarservice (altinn.no) om du har problem med roller og rettar.

På papir

Du kan også sende klagen i posten til

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Dette må klagen innehalde

Klagen må innehalde

  • kva du klagar på – til dømes saksbehandlinga eller at trekket er for høgt
  • kvifor du klagar
  • kva du ønskjer å oppnå med klagen – til dømes at vi stansar trekket
  • relevant dokumentasjon
  • signaturen din

Klagefristen varierer frå sak til sak

Du finn klagefristen som gjeld saka di i brevet du har fått frå oss.

Innkrevjinga held fram sjølv om du har klaga

Ver klar over at klagen vanlegvis ikkje stoppar innkrevjinga av kravet.