Utbetaling av bidrag frå utlandet

Når den bidragspliktige bur i utlandet, krev vi inn bidraget på same måte som når den bidragspliktige bur i Noreg.

Om vi ikkje får innbetalingar frå den bidragspliktige som bur i utlandet, prøver vi å tvangsinnkrevje bidraget i Noreg.

Tvangsinnkrevjing i utlandet

Dersom det ikkje er grunnlag for tvangsinnkrevjing i Noreg, ber vi utanlandske styresmakter om hjelp til innkrevjinga. Vi kan berre gjere dette dersom både Noreg og den utanlandske styresmakta er omfatta av same konvensjon eller avtale.

I dei tilfella der vi manglar ein internasjonal avtale eller der innkrevjinga gjennom ein avtale ikkje fungerer, er vi avhengige av at den som betaler bidraget, gjer dette frivillig.

Konvensjonar som omfattar innkrevjing i utlandet

Dei viktigaste konvensjonane Noreg er omfatta av er

  • den nordiske konvensjonen av 23.03.1962
  • Haag-konvensjonen av 23.11.2007
  • andre avtalar og konvensjonar som inkluderer Sveits, Australia og nokre kanadiske provinsar

Ressurskrevjande prosess

Prosessen med å tvangsinnkrevje i utlandet er ressurskrevjande. Det er aldri ein garanti for at vi får kravd inn pengane. Innkrevjinga er derfor uføreseieleg og tar ofte svært lang tid.

Vi kan i liten grad påverke innkrevjinga etter at vi har kontakta ei utanlandsk styresmakt. Derfor er vi restriktive med å purre på utanlandske styresmakter som har stadfesta å ha fått innkrevjingskravet vårt.