Utbetaling av barnebidrag og anna underhaldbidrag

Du vil ikkje få barnebidraget før vi har fått innbetalinga frå den som skal betale.

Utbetalingsdatoen vil variere

Betalingsfrist for bidragspliktig er den 25. kvar månaden, men vi utbetaler vanlegvis fortløpande til deg når pengane kjem inn.
Tidspunktet for utbetaling til bidragsmottakar er avhengig av

  • datoen den bidragspliktige betaler
  • talet på helgedagar, heilagdagar og så vidare mellom inn- og utbetaling
  • tida det tar for banken din å overføre til kontoen din

Vi må ha rett kontonummer

Når vi utbetaler pengar til deg, bruker vi det kontonummeret du registrerer hos Nav.

Om du ikkje har registrert kontonummeret ditt hos Nav, tar utbetalinga lengre tid.

 

Dersom du ikkje har norsk konto, kan vi utbetale til konto i utlandet. Me må då ha følgjande underskrive dokumentasjon frå deg:

  • namn
  • adresse
  • IBAN*/bankkonto
  • Swift-nummer/BIC-adresse*
  • bankkode* 

* gjeld enkelte land

Er du usikker på om bankkontoen din har IBAN-nummer, Swift-nummer/BIC-adresse eller bankkode, kan du kontakte banken din.

Detaljerte opplysningar om utbetalinga

Ønskjer du detaljerte opplysningar om utbetalinga av bidraget, må du logge inn i nettbanken din. Du vil ikkje kunne sjå desse detaljane i mobilbank-appar. Utbetalinga vil vere registrert frå Skatteetaten.

Årsoppgåve for bidragsmottakarar

Årsoppgåva kjem innan 15. februar og viser alle utbetalingar av bidrag førre år. Underhaldsbidrag er ikkje skattepliktig inntekt.

Årsoppgåva for utbetalt barnebidrag blir send i namnet til barnet.