Betalt inn for mykje på bøter eller førelegg

Om du har betalt inn meir enn du skulle, får du pengane tilbake eller dei blir brukte til å dekkje andre krav du har hos oss. 

Har du betalt inn meir enn du skulle, vil vi  

  • anten betale deg tilbake det du har betalt for mykje 
  • eller bruke pengane til å dekkje andre ubetalte krav – det får du i så fall beskjed om på førehand

Normalt oppdagar vi raskt om du har betalt inn for mykje. Dersom du ikkje har fått tilbake pengane i løpet av ei vekes tid, kan du ta kontakt med oss