Klage på innkrevjinga av bøter og førelegg

Når vi krev inn pengar på vegner av andre, har du har rett til å klage på innkrevjinga.

Gjeld det meg?

Denne sida gjeld krav om bøter, førelegg og trafikkgebyr.

Du kan klage til oss om du meiner noko er feil i saksbehandlinga eller innkrevjingsprosessen. Om du vil klage på sjølve kravet, må du kontakte dei som har oppretta kravet.

Slik klagar du

Du kan sende oss klagen ved å logge inn og skrive til oss. 

Logg inn:

Skriv til oss

På papir

Du kan også sende klagen i posten til

Skatteetaten
Postboks 455
8601 Mo i Rana

Dette må klagen innehalde

Klagen må innehalde

  • kva du klagar på – til dømes saksbehandlinga eller at trekket er for høgt
  • kvifor du klagar
  • kva du ønskjer å oppnå med klagen – til dømes at vi stansar trekket
  • relevant dokumentasjon
  • signaturen din

Klagefristen varierer frå sak til sak

Du finn klagefristen som gjeld saka di i brevet du har fått frå oss.

Innkrevjinga held fram sjølv om du har klaga

Ver klar over at klagen vanlegvis ikkje stoppar innkrevjinga av kravet.