Betale bøter, førelegg og trafikkgebyr

Du kan betale bøter, førelegg og trafikkgebyr ved å logge deg inn. Du kan også betale i nettbanken eller med kort.

Du finn også betalingsinformasjonen når du har logga inn.

Betale utan å logge inn

Om du ikkje har høve til å logge inn, kan du betale i nettbanken eller med kort.

Kontonummeret du skal bruke er 7694 05 12057

Når du betaler, må du skrive inn heile KID-nummeret. Viss KID-nummeret sluttar med ein bindestrek, må du òg taste inn bindestreken. 

Er forfallsdatoen passert, og det er renter på kravet, må du ta kontakt med oss for å få oppgitt det nøyaktige beløpet.

 

Betalingsinformasjon:

Skatteetaten
Postboks 455
8601 Mo i Rana
Noreg

Bank: DNB, Postboks 1600 Sentrum, NO-0021 Oslo
BIC (SWIFT): DNBANOKKXXX
IBAN: NO98 7694 0512 057 (dei to første er bokstavar, resten er tal)

Bruk KID-nummeret frå den tilsende betalingsblanketten når du betaler, elles blir ikkje innbetalinga knytt til deg. Viss KID-nummeret sluttar med ein bindestrek, må du òg taste inn bindestreken.  Alternativt kan du bruke «referansen vår» eller «kravnummer» som betalingsinformasjon på kravet.

Er forfallsdatoen passert, og det er renter på kravet, må du ta kontakt med oss for å få oppgitt det nøyaktige beløpet.


Du kan betale med kort utan å logge deg inn.

 

Når du betaler, må du skrive inn heile KID-nummeret. Viss KID-nummeret sluttar med ein bindestrek, må du òg taste inn bindestreken. 

Er forfallsdatoen passert, og det er renter på kravet, må du ta kontakt med oss for å få oppgitt det nøyaktige beløpet.

Det kan vere rimelegare å betale med kort enn å betale frå ein utanlandsk bank.

Kan du ikkje betale heile kravet?

Du bør alltid betale kravet ditt om du kan. Om du ikkje kan betale, kan du søkje om ein betalingsavtale.