Soning av bøter
Dersom du ikkje betaler ei bot du har fått, vil vi prøve å krevje inn bota med trekk i inntekta di, eller vurdere pant i eigedelane dine. Om dette ikkje lèt seg gjere sender vi bota til politiet, som vurderer soning eller bøteteneste.
Soning av bøter inneber anten at du må sone i fengsel eller at du får samfunnsnyttig teneste / bøteteneste.
Du kan ikkje velje å sone i staden for å betale – du må betale bota di dersom du har økonomisk evne til det. Om du ikkje kan betale, avgjer politiet om og korleis du skal sone.
Det er for seint å få ein betalingsavtale når soningsoppmodinga er send til politiet
Når vi har sendt ei oppmoding om soning til politiet, er det for seint å inngå ein betalingsavtale med oss. Frå dette tidspunktet skal du forhalde deg til politiet der du bur. Det er også dei som bestemmer når du skal bli kalla inn til soning.
Du kan betale ned på bota sjølv om du ikkje har ein betalingsavtale
Om du betaler ned på bota i soningssaka di, gir vi politiet beskjed om kor mykje du har betalt. Då vil talet på soningsdagar bli redusert. Dersom du har betalt heile bota, ber vi politiet om å avslutte saka.