Uføretrygd – trekk i framtidig utbetaling

Om du har fått utbetalt meir uføretrygd enn du har krav på, må du betale tilbake det du har fått for mykje. Om du ikkje betaler dette beløpet, kan vi trekkje deg i framtidige ytingar.  

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som har fått melding om at det er gjennomført eit etteroppgjer i uføretrygda di som viser at du har fått for mykje utbetalt.

Når du har fått eit etteroppgjer

Om du er uføretrygda og det er gjennomført eit etteroppgjer, får du først eit brev om dette frå Nav. Etterpå får du ein faktura frå oss med informasjon om innbetaling. Om du betaler heile beløpet innan fristen, unngår du at vi startar eit trekk i ytinga di (avrekning).

Vi har ikkje høve til å inngå ein betalingsavtale.

Har du spørsmål om vedtaket om etteroppgjer, må du ta kontakt med Nav.

Om du ikkje betaler heile beløpet, trekkjer vi i ytinga di

Om du ikkje betaler inn heile beløpet, og du framleis mottar ei yting, vil vi starte avrekning. Det vil seie at vi trekkjer det du skuldar frå den løpande ytinga di. Då vil du få mindre utbetalt i ytinga framover.

Vi kan trekkje inntil ti prosent av ytinga di fram til heile beløpet er innbetalt. Du kan sjølv velje om vi skal trekkje meir enn ti prosent av ytinga di, dersom du ønskjer ei raskare tilbakebetaling.

Du kan klage

Du kan klage om du meiner at trekket er for høgt. Då må du leggje ved dokumentasjon på at du ikkje har nok pengar til livsopphald.

For å kunne sende inn skjemaet for andre, må du ha tilgang på vegne av personen eller virksomheten du representerer. Oversikt over dine roller og rettigheter finner du i din profil i Altinn (altinn.no).

For å fylle ut og sende inn skjemaet, må du ha enten

  • Altinn-rollen Begrenset signeringsrett

eller

  • tilgangspakke Innkreving

Hvis du trenger tilgang på vegne av en virksomhet og du ikke har noen av disse rollene, må du kontakte daglig leder i virksomheten din, eller en person med tilgangstyringsrettigheter.

Kontakt Altinn brukerservice (altinn.no) hvis du har problemer med roller og rettigheter.

Avrekninga held fram som før til vi har behandla saka di.