Betalingsavtale for mellombels overført studielån

Om du har eit studielån som er mellombels overført til oss, er det viktig at du betaler det misleghaldne beløpet så snart du kan. Om dette ikkje går, kan du kontakte oss om å dele opp betalinga. 

Dersom du ikkje overheld nedbetalingsplanen din hos Lånekassen, blir heile studielånet mellombels sendt til oss. Når studielånet er mellombels overført til oss, har du framleis rettane dine og tilgang til ordningane hos Lånekassen. 

Unngå at studielånet blir permanent overført

Dersom du ikkje betaler noko og heller ikkje søkjer om betalingslettar på tre år, blir lånet ditt permanent overført til oss. Då mistar du rettane dine og ordningane i Lånekassen.

Dersom du ikkje betaler, eller deler opp betalinga, vil vitvangsinnkrevje studielånet. 

Dele opp betalinga

Du må kontakte oss dersom du ønskjer å dele opp betalinga.

Slette renter eller utsetje betalinga

Du må kontakte Lånekassen for å sjekke kva rettar du har. Du kan søkje om sletting av renter og betalingsutsetjing. Mange kan få lånet tilbakeført til Lånekassen og dermed unngå nye forseinkingsrenter.

Eventuelle forseinkingsrenter og purregebyr som allereie er påkomne lånet ditt, blir ikkje sletta sjølv om du utset rekninga, men blir lagde på den neste rekninga du skal betale.

Du får lånet tilbake til Lånekassen når du betaler

Du får studielånet tilbake til Lånekassen ved å betale heile det misleghaldne beløpet, slik det står i brevet frå oss. Viss betalingsfristen på kravet er passert, må du kontakte oss slik at du får det oppdaterte og rette beløpet.

Viktig informasjon

Det lønner seg for deg å få studielånet tilbake til Lånekassen. Då kan du betale etter opphavleg betalingsplan igjen, utan fleire forseinkingsrenter som blir berekna på heile studielånet. Du beheld til dømes også rettane dine til betalingsutsetjing og sletting av renter i Lånekassen.

Les meir om oppsagt studielån på Lånekassen.no