Betalingsavtale for permanent overførte studielån

Viss du ikkje betaler noko og heller ikkje søkjer om betalingslettar på tre år, kan lånet bli permanent overført til oss. Det betyr at vi overtar all innkrevjinga og behandlinga av studielånet, og det berre er oss du skal halde deg til.

Du mistar rettane dine i LÄnekassen

Når vi overtar studielånet ditt permanent, mistar du alle rettane og goda du hadde i Lånekassen. I tillegg blir det rekna forseinkingsrenter på heile studielånet.

Dele opp betalinga

Du må i utgangspunktet gjere opp kravet innan to år. Ver merksam på at det kjem på forseinkingsrenter fram til kravet er nedbetalt.

Du kan dele opp betalingstida i inntil 24 månader eller minimum 500 kroner per månad.