Betalingsavtale for krav frå Husbanken
Om du ikkje kan betale heile beløpet på ein gong, kan du søkje om å dele opp eller utsetje kravet.
Vi tilrår at du heller deler opp kravet, enn at du utset betalinga.
Det er viktig at du følgjer opp avtalen for at kravet ditt ikkje skal gå vidare til tvangsinnkrevjing og trekk i inntekta di.
Om du har misleghalde bustadlånet ditt, må du kontakte oss dersom du ønskjer å dele opp betalinga.
Kontakt oss for å dele opp misleghalde bustadlån
Om du har krav om tilbakebetaling av bustøtte frå Husbanken, kan du logge deg inn og dele opp betalinga.
Du kan ikkje utsetje betalinga av eit misleghalde bustadlån i Husbanken.
Du kan vanlegvis få utsett tilbakebetalinga av bustøtte frå Husbanken i inntil to månader. Dersom du treng meir enn to månader på å betale, tilrår vi at du heller kontaktar oss for å dele opp betalinga.
Utsetje tilbakebetalinga av bustøtte
Om du ikkje har høve til å bruke digitale tenester, kan du søkje på papir. Du må leggje ved relevant dokumentasjon på den økonomiske situasjonen din.
Send søknaden til:
Skatteetaten
Postboks 455
8601 Mo i Rana
Dersom du får betalingsutsetjing, får du ein ny faktura frå oss.
Du kan ikkje få betalingsutsetjing dersom du
- har misleghalde kravet du søkjer om utsetjing for, det vil seie når fristen i varselet om tvangsinnkrevjing er passert
- er under 18 år