Klage på innkrevjinga av studielån og krav frå Husbanken
Når vi krev inn pengar på vegner av andre, har du har rett til å klage på innkrevjinga.
Gjeld det meg?
Denne sida gjeld krav vi krev inn på vegner av Lånekassen og Husbanken.
Du kan klage til oss om du meiner noko er feil i saksbehandlinga eller innkrevjingsprosessen. Om du vil klage på sjølve kravet, må du kontakte dei som har oppretta kravet.
Slik klagar du
Du kan sende oss klagen ved å logge inn og skrive til oss.
På papir
Du kan også sende klagen i posten til
Skatteetaten
Postboks 455
8601 Mo i Rana
Dette må klagen innehalde
Klagen må innehalde
- kva du klagar på – til dømes saksbehandlinga eller at trekket er for høgt
- kvifor du klagar
- kva du ønskjer å oppnå med klagen – til dømes at vi stansar trekket
- relevant dokumentasjon
- signaturen din
Klagefristen varierer frå sak til sak
Du finn klagefristen som gjeld saka di i brevet du har fått frå oss.
Innkrevjinga held fram sjølv om du har klaga
Ver klar over at klagen vanlegvis ikkje stoppar innkrevjinga av kravet.