Apostille og legalisering

Om du har offentlege dokument og attestar som skal brukast i eit anna land enn landet som utferda dei, er det ofte krav om at du får ei godkjenning av opphavet til dokumentet i form av apostille eller legalisering.

Ei legalisering eller eit apostillestempel stadfester at underskrifta til ein offentleg funksjonær på eit dokument er ekte, og at vedkommande faktisk har den rolla og myndigheita som er oppgitt i dokumentet. Stempelet stadfester ikkje at innhaldet i dokumentet er rett.

Skilnaden på apostille og legalisering

I utgangspunktet er apostille og legalisering det same, men apostille er ei forenkling av prosessen, etter ein avtale som er gjord i Haag-konvensjonen av 1961.

Apostille skal brukast på dokument på tvers av land der begge landa er knytte til avtalen.

Sjå oversikt over alle landa dette gjeld

I oversikta finn du kontaktinformasjon til styresmaktene som er autoriserte til å påføre apostillestempel under kolonnen "Auth".

Legalisering skal brukast på dokument der eitt eller begge landa ikkje er knytte til Haag-konvensjonen.

Dokument frå utlandet til bruk i Noreg

Om du har dokument frå utlandet som skal brukast i Noreg, må desse i mange samanhengar vere påførte apostille eller vere legaliserte.

Sjå oversikt over land som kan påføre apostille

Er dokumentet frå eit land som ikkje kan påføre apostille, krevst det som oftast at dokumentet i staden er legalisert.

Ei legalisering må vere utført av utanriksdepartementet i landet der dokumentet er utferda, og legaliseringa må vere stadfesta av ein norsk utanriksstasjon som er knytt til landet der legaliseringa er gjord.

Dokument frå Noreg til bruk i utlandet

Attestar som skal brukast i nordiske land treng ikkje apostille.

Om du har dokument frå Noreg som skal brukast utanfor Norden, må desse i mange samanhengar vere påførte apostille eller vere legaliserte. Du må sjølv undersøkje kva som krevst med styresmaktene i landet som skal bruke dokumentet.

Noreg er knytt til Haag-konvensjonen, og kan derfor bruke apostille. Om du skal bruke dokumentet i eit anna land som også bruker apostille, kan du kontakte Statsforvaltaren for påføring av apostille.

Før eit norsk dokument skal påførast apostille eller legalisering, må du sjekke at du har riksvåpenstempel på dokumentet. Viss dokumentet ikkje har dette, må du kontakte notarius publicus (Tingretten) for å få dokumentet notarialstadfesta, før dokumentet kan bli påført apostille eller bli legalisert.

Om du skal bruke dokumentet i eit land som ikkje kan bruke apostille, må du kontakte Utanriksdepartementet for å få påført legalisering.

Om notarialstadfesting frå notarius publicus

Ei notarialstadfesting er ei offentleg stadfesting av eit dokument, eller av at dokumentet er rett kopi. Stadfestinga blir gitt av notarius publicus, som er ein embetsmann eller offentleg tenestemann som står for visse offentlege, rettslege handlingar.

Norske utanriksstasjonar (som notarius publicus) kan berre stadfeste rett kopi av dokument som er utferda av ei norsk styresmakt.

Rett kopi av utanlandske dokument må gjerast av styresmaktene i det landet dokumentet er utferda, vanlegvis av notarius publicus.