Ekteskap i utlandet etter norsk rett

Ekteskap som blir inngått ved ein norsk utanriksstasjon, til dømes ein norsk ambassade, føregår etter norsk rett. Det same gjeld som regel vigslar ved norske sjømannskyrkjer.

Skal de gifte dykk ved ein norsk utanriksstasjon eller i ei sjømannskyrkje i utlandet, går de fram på same måte som for

Kravet om opphald i Noreg fell bort for den personen som ikkje er busett i Noreg.

Dersom de oppfyller krava for å inngå ekteskap, får de ein prøvingsattest i Altinn eller i posten.

Hugs å ta med

Ta med passet og prøvingsattesten som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Både utanriksstasjonen og sjømannskyrkja skal normalt ha prøvingsattesten på førehand.

Utanriksdepartementet har laga ei liste over dei norske utanriksstasjonane som kan vie norske borgarar.

Sjømannskyrkja har laga ei liste over sjømannskyrkjene som kan vie norske borgarar.

Ta kontakt med dei som skal vie dykk i god tid før de reiser for å få avklart nødvendige formalitetar. Meir informasjon om ekteskap i utlandet finn de på heimesidene til dei ulike utanriksstasjonane og sjømannskyrkjene.