Opphaldsløyve og feil sivilstand
Dersom du eller ektefellen din har fått innvilga eit opphaldsløyve i Noreg på seks månader eller meir, og sivilstanden dykkar er feil i Folkeregisteret, må de kontakte Skatteetaten.
Slik registrerer vi sivilstanden din
Personar som blir innvilga eit opphaldsløyve i Noreg på seks månader eller meir, vil som hovudregel bli registrerte som busette i Noreg på bakgrunn av melding frå UDI. I slike tilfelle registrerer vi sivilstanden din basert på opplysningane som kjem fram i meldinga frå UDI. Dersom vi har behov for fleire opplysningar, vil vi sende deg eit brev som du må svare på innan 30 dagar.
Viss sivilstanden din er feil må du kontakte Skatteetaten
Om du har vorte registrert busett i Noreg, men meiner at du er registrert med feil eller mangelfulle opplysningar om sivilstanden din, skal du kontakte Skatteetaten, ikkje UDI.
Du kan kontakte oss elektronisk.
Når du kontaktar oss må du oppgi
- kvifor du meiner sivilstanden din er feil
- kva du meiner er den rette sivilstanden din
Dette skjer etter at du har kontakta oss
Om vi kan korrigere feila, kjem an på kvifor du har vorte registrert med feil opplysningar.
- Om vi har registrert feil ut frå kva opplysningar vi har fått inn, vil vi rette registreringa.
- I andre tilfelle må du dokumentere sivilstanden din. Kva dokumentasjon som krevst, kjem an på av kva land du har gifta deg i. Les meir om korleis du kan få ekteskapet godkjent i Noreg.
- I mange tilfelle vil vi kunne basere oss på opplysningar frå utlendingsstyresmaktene dersom dei har innvilga deg eller ektefellen din eit opphaldsløyve basert på relasjonen dykkar. Dette kan til dømes vere aktuelt om de er innvilga familiegjenforeining. I slike tilfelle vil vi innhente opplysningane frå UDI, og du treng ikkje kontakte dei.
Vi tar kontakt med deg om vi treng fleire opplysningar eller dokumentasjon.