Utflyttingsskatt – exitskatt
Har du flytta til utlandet eller Svalbard, eller har du overført eigedelar til nokon som bur i utlandet, kan det bli skatteplikt. Dette gjeld verdistigninga eigedelane hadde i perioden du var skattemessig busett i Noreg, fram til utflyttingstidspunktet eller overføringstidspunktet.
Her får du vite kva reglar som gjeld for overføringa eller utflyttinga di.
Gjeld det meg?
Utflyttingsskatt kan gjelde deg om du har
- flytta ut av Noreg og vorte busett i eit anna land etter ein skatteavtale
- flytta ut av Noreg og vorte skattemessig emigrert
- flytta ut av Noreg og vorte skattemessig busett på Svalbard
- arva eigedelar frå nokon som har fastsett utflyttingsskatt av ovannemnde årsaker
- overført eigedelar til nokon som er skattemessig busette eller heimehøyrande i utlandet ved gåve eller gåvesal
- overført eller tatt imot eigedelar ved arv. Dette gjeld for norske dødsbu og personlege arvingar når mottakarane av arv er skattemessig busette i utlandet.
Med å flytte ut av Noreg meiner vi at du har hatt opphald i Noreg som gjer at du har vore skattemessig busett i Noreg etter både skattelova og ein eventuell skatteavtale, og deretter blir busett i eit anna land etter ein skatteavtale, skattemessig emigrert eller skattemessig busett på Svalbard. Det har ikkje noko å seie om du har vore registrert med bustadadresse i Noreg eller ikkje.
Dette har noko å seie for skatteplikta:
- Kva du eigde på tidspunktet for overføring eller utflytting og kor store verdiar du hadde opparbeidd deg.
- Kva tid overføringa eller utflyttinga skjedde, fordi reglane har vorte endra fleire gonger dei siste åra.
Viktig!
Det er viktig at du set deg inn i dei reglane som gjeld for overføringa eller utflyttinga di.
Flytta eller overført eigedelar 19. mars 2024 eller tidlegare
Regelendringar og datoar du må vere merksam på
- Regelen om skatteplikt ved overføring av eigedelar, gjeld berre gåve og gåvesal til ektefelle som er skattemessig busett i utlandet.
- Skatteplikta varer i fem år frå tidspunktet for utflyttingsskatt.
- Regelen om skatteplikt ved overføring av eigedelar, gjeld no også gåve og gåvesal til slekt og svigerfamilie som er skattemessig busett i utlandet.
- Skatteplikta har ikkje lenger noka tidsavgrensing, tidlegare var det skatteplikt i fem år.
- Regelen om skatteplikt ved overføring av eigedelar, gjeld frå no gåve og gåvesal til alle personar, selskap eller innretningar som er busette eller heimehøyrande i utlandet.
Utflyttingsskatten gjeld
- Aksjar i norske eller utanlandske selskap
- Andelar i verdipapirfond, både rentefond, aksjefond og kombinasjonsfond
- Opsjonar i arbeidsforhold
- Andelar i selskap med deltakarfastsetjing
- Finansielle instrument der eit underliggjande objekt er ein eigedel som blir omfatta av utflyttingsskatt. Dette kan vere aksjeforwards, aksjefutures, differansekontrakt (CFD), finansielle futures, aksjeopsjonar (også utanfor arbeidsforhold), teikningsrettar, utanlandske ETF-er, warrants
- Eigedelar i utanlandske pensjonsspareordningar når vi reknar desse som ein vanleg investeringskonto. Dette gjeld til dømes dei amerikanske ordningane IRA og 401k. Det er berre dei eigedelane på kontoen som blir omfatta av utflyttingsskatt som skal takast med
Hadde du slike eigedelar på utflyttings- eller overføringstidspunktet, må du gi opplysningar om eigedelane i skattemeldinga di, i eigne felt for utflyttingsskatt.
Du skal gi opplysningane i den skattemeldinga som gjaldt for dagen før utflyttinga eller overføringa skjedde. Om du til dømes endra bustad etter skatteavtale 1. januar 2024, skal du levere opplysningar om utflyttingsskatt i skattemeldinga for 2023.
Utflyttingsskatten gjeld ikkje aksjar på aksjesparekonto og fondskonto (med kapitalforsikring).
Dette må du gjere
I skattemeldinga må du
- opplyse om kvifor utflyttingsskatt gjeld deg
- leggje inn om du ønskjer å utsetje betalinga av skattekravet
- berekne og leggje inn latent gevinst eller tap for kvar eigedel. Har du kjøpt aksjar fleire gonger i same selskap, må du berekne gevinst eller tap for kvar aksjehandel. Les meir om FIFU-prinsippet i Skatte ABC
Om netto latent gevinst overstig 500 000 kroner, må du betale utflyttingsskatt. Har du flytta til eller overført eigedelar til eit anna EØS-land eller Svalbard, har du rett til frådrag for tap dersom netto latent tap overstig 500 000 kroner.
Skatteplikta er vilkårsbunden, det vil seie at skatten ikkje blir endeleg før eigedelen er realisert. Om du har valt å utsetje betalinga av skattekravet, må du oppdatere oss undervegs i den perioden skatteplikta varer.
Latent gevinst er den verdistigninga eigedelen har hatt frå du kjøpte han til dagen før du flytta eller overførte eigedelen til utlandet.
Latent tap er det verdifallet eigedelen har hatt frå du kjøpte han til dagen før du flytta eller overførte eigedelen til utlandet.
Latente gevinstar og tap blir i utgangspunktet berekna på same måte som eit vanleg sal. Det finst likevel spesielle reglar om inngangsverdi for eigedelar som blir omfatta av utflyttingsskatt.
Alle tala er i kroner.
| Marknadsverdi på utflyttings-tidspunktet | Kjøpt for | Skjermings-frådrag | Latent gevinst/tap | |
| Aksjar | 4 250 000 | 2 500 000 | 25 000 | 1 725 000 |
|
Verdipapir- |
765 000 | 450 000 | 4 500 | 310 500 |
|
Del i selskap |
2 431 000 | 1 430 000 | 14 300 | 986 700 |
| Opsjonar | 210 000 | 300 000 | 3 000 | - 93 000 Det blir ikkje gitt frådrag for realiserte tap utanfor EØS |
| Utanlandske aksjar |
1 190 000 | 700 000 | 7 000 | 483 000 |
| Sum/skatte- pliktig del |
3 412 200 |
| Beløpet det må stillast trygd for viss utanfor EØS | 3 505 200 |
Om du ønskjer å utsetje betalinga av skattekravet, er utgangspunktet at du må stille trygd for skattekravet, til dømes ved pant i aksjar eller fast eigedom.
Om du har flytta eller overført eigedelar til eit anna EØS-land eller Svalbard, gjeld ikkje dette for deg. Du må likevel stille trygd om du har flytta eller overført eigedelar til Irland, Kypros eller Liechtenstein.
Om du må stille trygd for skattekravet vil du få informasjon av Skatteetaten om korleis du skal gå fram.
Om det ikkje skjer endringar, må du stadfeste dette til oss ein gong i året. Ved visse hendingar skal du gi oss opplysningar fortløpande.
Viss situasjonen din ikkje har endra seg
Kvart år innan 30. april må du
- opplyse om kva land du eller mottakaren av den overførte eigedelen er busett i
- stadfeste at du eller mottakaren av dei overførte eigedelane har eigedelane i behald
Slik gjer du det
Du får tilsendt eit spørjeskjema kvart år som du kan fylle ut og sende til oss. Skjemaet finn du i innboksen din når du loggar deg inn.
Papirbrukarar og dei som flytta før 1. januar 2022, må sende opplysningane via kontaktskjema eller brev.
Viss situasjonen din har endra seg
Du må gi oss beskjed innan to månader dersom du eller mottakaren av den overførte eigedelen
- ikkje lenger har eigedelen, til dømes på grunn av sal eller overføring ved gåve
- flyttar frå eit EØS-land til eit land utanfor EØS
Slik gjer du det
Dei nye opplysningane gir du ved å logge inn i skattemeldinga, endre og levere skattemeldinga på nytt. Det er den tidlegare skattemeldinga som skal leverast igjen, og opplysningane skal leggjast inn i felta for utflyttingsskatt.
Flytta du til utlandet eller overførte eigedelar 1. januar 2022 eller tidlegare, kan du bruke kontaktskjema eller skjema RF-1314.
Har du betalt skatt av gevinsten i eit anna land, kan du krevje kreditfrådrag i utflyttingsskatten. Du må leggje ved dokumentasjon på den utanlandske skatten.
Har du realisert latente tap, får du berre frådrag om du kan dokumentere at du ikkje har fått frådrag for tapet i eit anna land. For å vise dette kan du leggje ved skattemeldinga og skatteoppgjeret frå landet du bur i, i den norske skattemeldinga.
Flytta eller overførte du eigedelar 28. november 2022 eller tidlegare, varer den vilkårsbundne skatteplikta i fem år. Skatteplikta på eigedelar du eller mottakaren framleis har i behald, fell etter dette bort.
Har du stilt trygd for skattekravet, kan du be om at denne blir stilt fri når femårsperioden er gått ut.
Har du tap eller ikkje har kravd betalingsutsetjing på gevinst, treng du ikkje å gi oss opplysningar løpande eller årleg.
Fordi du i nokre tilfelle kan ha rett til frådrag, eller refusjon av innbetalt skatt på gevinst, bør du likevel gi oss opplysningar dersom
- du realiserer tap og ikkje har fått frådrag for tapet i eit anna land. Dette gjeld berre om du bur innanfor EØS når tapet blir realisert
- du realiserer gevinst og den faktiske gevinsten er lågare enn den latente gevinsten som vart fastsett tidlegare
- du realiserer gevinst og har betalt skatt av gevinsten i eit anna land
- du flyttar tilbake til Noreg slik at skatteplikta fell bort. Det same gjeld om du har skatteplikt som busett i Noreg og flyttar til eit land Noreg ikkje har skatteavtale med
- det har gått meir enn fem år frå skatteplikta oppstod slik at skatteplikta fell bort. Dette gjeld berre om du flytta eller overførte eigedelar til utlandet før 29. november 2022
Flytta eller overført eigedelar 20. mars 2024 eller seinare
Regelendringar og datoar du må vere merksam på
Det er gjort store endringar i regelverket, mellom anna dette:
- Beløpsgrensa er endra, og det skilst mellom overføringar og utflyttingar.
- Skatten må betalast innan 12 år, med mindre du flyttar tilbake til Noreg før det har gått 12 år.
- Utflyttingsskatt skal berre bereknast på verdiar som er opparbeidde medan du har vore skattemessig busett i Noreg.
- Aksjesparekonto og fondskonto er omfatta av utflyttingsskatt.
- Frådrag for tap blir gitt med ein gong, men kan reverserast innan 12 år ved flytting eller overføring ut av EØS eller tilbake til Noreg.
- Om den som har fått utflyttingsskatt døyr, må utflyttingsskatten betalast. Det gjeld likevel ikkje viss eigedelen blir overført til arvingar som er busette i Noreg, då kan skattekravet falle bort. Dersom det er ein personleg arving som er skattemessig busett i utlandet som overtar eigedelen, kan arvingen overta skatteforpliktinga og betalingsutsetjinga til den avdøde.
- Utflyttingsskatten skal ikkje lenger justerast for verdiendringar etter utflytting eller for betalt skatt i utlandet.
- Skatteetaten kan krevje at også du som flyttar eller overfører eigedelar til andre EØS-land må stille garanti for skattekravet.
- Flyttar du tilbake til Noreg etter at det er gått 12 år, skal inngangsverdien på eigedelane du framleis eig endrast til marknadsverdien dei hadde på innflyttingstidspunktet.
I tillegg til endringane som gjeld frå 20. mars, gjeld også desse reglane:
- Om du har utsett betalinga av skatt og får utdeling (utbytte) frå eit selskap, skal 70 prosent av utdelinga gå til nedbetaling av skattekravet. Betaler du skatt av utdelinga i Noreg og utlandet, skal nedbetalinga av utflyttingsskattekravet avgrensast slik at du til saman ikkje betaler meir enn 100 prosent av utdelinga.
- Utdeling inkluderer alle former for vederlagsfri overføring av verdiar frå selskap til aksjonær eller deltakar, i tillegg til lån frå selskapet til aksjonær eller deltakar eller deira nærståande.
- Om du har fått utdeling og betalt utflyttingsskatt på grunn av dette, skal inngangsverdien på eigedelane justerast om du flyttar tilbake til Noreg før det har gått 12 år.
- Om du overfører eigedelar omfatta av utflyttingsskatt, må du betale ned på den utsette skatten også når eigedelen blir overført til selskap eller andre innretningar i utlandet. Alle typar overføringar medfører at du må betale ned på den utsette utflyttingsskatten på den overførte eigedelen.
- Om du ikkje gir opplysningar om utflyttingsskatt i skattemeldinga di, kan skatteetaten fastsetje utflyttingsskatt opptil 15 år etter utflyttinga eller overføringa. Tidlegare var fristen fem år.
I tillegg til endringane som gjeld frå 20. mars og frå 7. oktober, gjeld også desse reglane:
- Skatteplikt ved overføring av eigedelar gjeld no også der overføringa skjer som arv frå eit norsk dødsbu. Det kan vere til ein person, eit selskap eller ei innretning som er skattemessig busett eller heimehøyrande i utlandet. Dødsbuet er skattepliktig, og arvingen som får eigedelane overtar automatisk skatteforpliktinga og betalingsutsetjinga.
Utflyttingsskatten gjeld
- Aksjar i norske eller utanlandske selskap
- Andelar i verdipapirfond, både rentedel og aksjedel
- Aksjesparekonto
- Kapitalforsikring (fondskonto)
- Opsjonar i arbeidsforhold
- Andelar i selskap med deltakarfastsetjing
- Finansielle instrument der det underliggjande objektet er ein eigedel som blir omfatta av utflyttingsskatt. Dette kan vere aksjeforwards, aksjefutures, differansekontrakt (CFD), finansielle futures, aksjeopsjonar (også utanfor arbeidsforhold), teikningsrettar, utanlandske ETF-er og warrants.
- Eigedelar i utanlandske pensjonsspareordningar når vi reknar desse som ein vanleg investeringskonto. Dette gjeld til dømes dei amerikanske ordningane IRA og 401k. Det er berre dei eigedelane på kontoen som blir omfatta av utflyttingsskatt som skal takast med.
Hadde du slike eigedelar på utflyttings- eller overføringstidspunktet, må du gi opplysningar om eigedelane i skattemeldinga di, i eigne felt for utflyttingsskatt. Du skal gi opplysningane i den skattemeldinga som gjaldt for dagen før utflyttinga eller overføringa skjedde. Om du til dømes endra bustad etter skatteavtale 1. januar 2025, skal du levere opplysningar om utflyttingsskatt i skattemeldinga for 2024.
Dette må du gjere om du
I skattemeldinga må du
- opplyse om kvifor utflyttingsskatt gjeld deg
- leggje inn når utflyttinga eller overføringa skjedde
- leggje inn om du ønskjer å betale skattekravet med ein gong, om du ønskjer å betale skattekravet i avdrag i ein periode på 12 år etter utflyttinga eller overføringa, eller om du ønskjer å utsetje betalinga av heile skattekravet i 12 år. Har du rett til frådrag for latente tap, kan du ikkje velje å utsetje frådraget
- berekne og leggje inn latent gevinst eller tap for kvar eigedel. Har du kjøpt aksjar fleire gonger i same selskap, må du berekne gevinst eller tap for kvar aksjehandel. Les meir om FIFU-prinsippet i Skatte ABC
Latent gevinst er den verdistigninga eigedelen har hatt frå du kjøpte han til dagen før du flytta eller overførte eigedelen til utlandet.
Latent tap er det verdifallet eigedelen har hatt frå du kjøpte han til dagen før du flytta eller overførte eigedelen til utlandet.
Latente gevinstar og tap blir i utgangspunktet berekna på same måte som eit vanleg sal. Det finst likevel spesielle reglar om inngangsverdi for eigedelar som blir omfatta av utflyttingsskatt.
Dersom eigedelane som blir overførte ved arv har ein netto latent gevinst som overstig 100 000 kroner, må du betale utflyttingsskatt av heile gevinsten. Er eigedelane overførte til eit anna EØS-land eller Svalbard, har du rett til frådrag for tap viss netto latent tap overstig 100 000 kroner.
Blir eigedelar overførte ut av EØS, legg vi saman alle latente gevinstar. Tap blir ikkje rekna med.
Alle tal i kroner
| Marknadsverdi på overførings-tidspunktet | Kjøpt for | Skjermings-frådrag | Latent gevinst/tap | |
| Overføring av aksjar til A | 500 000 | 400 000 | 4 000 | 96 000 |
| Overføring av aksjar til B | 400 000 | 300 000 | 3 000 | 97 000 |
| Overføring av aksjar til C | 450 000 | 500 000 | 5 000 | - 55 000 |
| Sum | 138 000 | |||
| Skattepliktig del | 138 000 |
Alle tal i kroner.
| Marknadsverdi på overførings-tidspunktet | Kjøpt for | Skjermings-frådrag | Latent gevinst/tap | |
| Overføring av aksjar til A | 500 000 | 400 000 | 4 000 | 96 000 |
| Overføring av aksjar til B | 400 000 | 300 000 | 3 000 | 97 000 |
| Overføring av aksjar til C | 450 000 | 500 000 | 5 000 | - 55 000 Tapet blir ikkje inkludert i berekninga |
| Sum | 193 000 | |||
| Skattepliktig del | 193 000 |
Du får eit botnfrådrag på 3 000 000 kroner i den berekna latente gevinsten eller tapet. Det betyr at det berre er utflyttingsskatt eller frådragsrett på den delen av samla gevinst eller tap som overstig 3 millionar.
Flyttar du eller overfører eigedelar til eit anna EØS-land eller Svalbard, legg vi saman alle latente gevinstar og tap for å komme fram til netto latent gevinst, før botnfrådraget på 3 millionar blir trekt frå. Då har du også frådragsrett for netto latent tap som overstig botnfrådraget.
Flyttar du eller overfører eigedelar ut av EØS, legg vi saman alle latente gevinstar. Tap blir ikkje rekna med.
Alle tal i kroner.
| Marknadsverdi på utflyttings-tidspunktet | Kjøpt for | Skjermings-frådrag | Latent gevinst/tap | |
| Eigedel 1 | 4 250 000 | 2 500 000 | 25 000 | 1 725 000 |
| Eigedel 2 | 765 000 | 450 000 | 4 500 | 310 500 |
| Eigedel 3 | 2 431 000 | 1 430 000 | 14 300 | 986 700 |
| Eigedel 4 | 210 000 | 300 000 | 3 000 | - 93 000 |
| Eigedel 5 | 1 190 000 | 700 000 | 7 000 | 483 000 |
| Sum | 3 412 200 | |||
| Botnfrådrag | 3 000 000 | |||
| Skattepliktig del | 412 200 |
Alle tal i kroner.
| Marknadsverdi på utflyttings-tidspunktet | Kjøpt for | Skjermings-frådrag | Latent gevinst/tap | |
| Eigedel 1 | 4 250 000 | 2 500 000 | 25 000 | 1 725 000 |
| Eigedel 2 | 765 000 | 450 000 | 4 500 | 310 500 |
| Eigedel 3 | 2 431 000 | 1 430 000 | 14 300 | 986 700 |
| Eigedel 4 | 210 000 | 300 000 | 3 000 | - 93 000 tapet blir ikkje inkludert i berekninga |
| Eigedel 5 | 1 190 000 | 700 000 | 7 000 | 483 000 |
| Sum | 3 505 200 | |||
| Botnfrådrag | 3 000 000 | |||
| Skattepliktig del | 505 200 |
Opplysningar arvingar må gi viss ein som har fått utflyttingsskatt døyr
Viss ein person som tidlegare har flytta til utlandet eller overført eigedelar til nokon som er busette i utlandet og fått utflyttingsskatt, døyr, er det ikkje lenger rett til betalingsutsetjing.
Dersom den utflyttingsskattlagde eigedelen blir overført med full kontinuitet til arvingar busette i Noreg, med same inngangsverdi som arvelatar, fell likevel skattekravet bort.
Arvingen må i slike tilfelle ta kontakt med Skatteetaten, for å få endra utflyttingsskatten til den døde.
Dersom den utflyttingsskattlagde eigedelen blir overført til arvingar busette i utlandet, kan arvingen velje å overta skatteposisjonane til avdøde, det vil seie betalingsforpliktinga for ubetalt utflyttingsskatt, opplysningsplikta, inngangsverdiar, osb.
Som arving må du i desse tilfella fastsetje latente gevinstar og tap i skattemeldinga di.
I skattemeldinga må du
- opplyse om kvifor utflyttingsskatt gjeld deg
- leggje inn når den avdøde flytta til utlandet eller Svalbard
- leggje inn om skattekravet skal betalast i avdrag i den delen som er att av 12-årsperioden, eller om betalinga skal utsetjast til slutten av 12-årsperioden
- leggje inn dei samla berekna latente gevinstane eller tapa til den avdøde for kvar eigedel i di eiga skattemelding
- leggje inn, for kvar eigedel, kor stor del av den latente gevinstein eller tapet som knyter seg til eigedelane du har fått overført til deg
Om du ikkje har fått ei skattemelding finn du informasjon om kva du må gjere her.
Har du ikkje eit norsk d-nummer eller fødselsnummer? Her får du informasjon om korleis identitetsnummer blir tildelt.
Når eigedelar blir overførte til ein arving som er skattemessig busett i utlandet, må dødsbuet og arvingane komme med ein del opplysningar.
Dødsbu
Viss eit dødsbu etter ein avdød person som var skattemessig busett i Noreg overfører eigedelar til ein person, selskap eller innretning som er skattemessig busett eller heimehøyrande i utlandet, blir dødsbuet skattepliktig for latent gevinst og tap.
I skattemeldinga må dødsbuet
- gi opplysningar om latent gevinst og tap på alle eigedelane som blir overførte til arvingar i utlandet
- gi opplysningar om kven som har fått arven
Tidspunktet for skatteplikt er dagen før eigedelane vart overførte.
Personlege arvingar
Personlege arvingar kan ta på seg pliktene avdøde hadde etter reglane om utflyttingsskatt. Ved overføringa overtar då arvingen både skatteplikta og opplysningsplikta. Som arving må du derfor fastsetje latente gevinstar og tap.
I skattemeldinga må du
- opplyse om kvifor utflyttingsskatt gjeld deg
- leggje inn når overføringa skjedde
- leggje inn om du ønskjer å betale skattekravet med ein gong, om du ønskjer å betale skattekravet i avdrag i ein periode på 12 år etter overføringa, eller om du ønskjer å utsetje betalinga av heile skattekravet i 12 år. Har du rett til frådrag for latente tap, kan du ikkje velje å utsetje frådraget
- leggje inn samla berekna latente gevinstar eller tap for dødsbuet for kvar eigedel i di eiga skattemelding
- leggje inn, for kvar eigedel, kor stor del av det samla latente gevinsten eller tapet til dødsbuet som knyter seg til eigedelane du har fått overført til deg
Om du ikkje har fått ei skattemelding finn du informasjon om kva du må gjere her.
Har du ikkje eit norsk d-nummer eller fødselsnummer? Her får du vite korleis identitetsnummer blir tildelte.
Dersom eigedelane som blir overførte ved arv har ein netto latent gevinst som overstig 100 000 kroner, må du betale utflyttingsskatt av heile gevinsten. Er eigedelane overførte til eit anna EØS-land eller Svalbard, har du rett til frådrag for tap viss netto latent tap overstig 100 000 kroner.
Blir eigedelar overførte ut av EØS, legg vi saman alle latente gevinstar. Tap blir ikkje rekna med.
Eksempler på beregning av latent gevinst
Alle tal i kroner.
| Marknadsverdi på overførings-tidspunktet | Kjøpt for | Skjermings-frådrag | Latent gevinst/tap | |
| Overføring av aksjar til A | 500 000 | 400 000 | 4 000 | 96 000 |
| Overføring av aksjar til B | 400 000 | 300 000 | 3 000 | 97 000 |
| Overføring av aksjar til C | 450 000 | 500 000 | 5 000 | - 55 000 Tapet blir ikkje inkludert i berekninga |
| Sum | 193 000 | |||
| Skattepliktig del | 193 000 |
Alle tal i kroner
| Marknadsverdi på overførings-tidspunktet | Kjøpt for | Skjermings-frådrag | Latent gevinst/tap | |
| Overføring av aksjar til A | 500 000 | 400 000 | 4 000 | 96 000 |
| Overføring av aksjar til B | 400 000 | 300 000 | 3 000 | 97 000 |
| Overføring av aksjar til C | 450 000 | 500 000 | 5 000 | - 55 000 |
| Sum | 138 000 | |||
| Skattepliktig del | 138 000 |
Om du ønskjer å utsetje betalinga av skattekravet, er utgangspunktet at du må stille trygd for skattekravet, til dømes ved pant i aksjar eller fast eigedom.
Om du har flytta eller overført eigedelar til eit anna EØS-land eller Svalbard, må du berre stille trygd dersom det er ein reell risiko for at skatt og eventuelle berekna renter ikkje kan inndrivast. Du kan lese meir i denne retningslinja.
Om du må stille trygd for skattekravet, vil du få informasjon frå Skatteetaten om korleis du skal gå fram.
Du må halde oss oppdaterte om kva som skjer
Så lenge du har skatteplikt må du gi Skatteetaten beskjed om endringar som påverkar deg, den som har fått overført eigedelar frå deg, eller eigedelane skatten er fastsett på.
Svar på nokre få spørsmål, så får du vite kva du må gjere.