Lån
Om du har lån i utlandet, kan du få frådrag. Dette gjeld alle som har betalt gjeldsrenter til utanlandske långivarar.
Er du skattemessig busett i Noreg, har du krav på frådrag for gjeldsrenter. Frådraget for gjeldsrenter blir avgrensa dersom
- du utøver/deltar i verksemd i utlandet, og inntektene frå verksemda er fritatte frå skattlegging i Noreg etter skatteavtale
- du har fast eigedom i utlandet, og inntektene frå eigedommen ikkje er skattepliktige i Noreg etter skatteavtale
Frådraget skal likevel ikkje avgrensast dersom du eig bustad eller fritidsbustad i ein annan EØS-stat og skatteavtalen seier at inntekta ikkje skal skattleggjast i Noreg. Det same gjeld når du er borgar av eit EØS-land og er busett i det landet etter skatteavtalen Noreg har inngått med landet. Du må også ha hatt heile eller tilnærma heile (minst 90 prosent) av den samla inntekta di i Noreg.
Har du kravd frådrag for gjeldsrenter i det landet der bustaden eller fritidsbustaden ligg, kan du ikkje samtidig krevje frådrag for dette beløpet i Noreg.
Er du ikkje skattemessig busett i Noreg, har du i utgangspunktet berre krav på frådrag for gjeldsrenter som er knytte til fast eigedom i Noreg eller næringsverksemd som er skattepliktig i Noreg.
Er du busett i ein EØS-stat, kan du likevel få frådrag for gjeldsrentene dersom heile eller tilnærma (90 prosent) heile den samla inntekta di er skattepliktig i Noreg.
Om du har inntekt frå fast eigedom eller verksemd i utlandet som er fritatt frå skattlegging i Noreg etter skatteavtale, blir likevel frådraget avgrensa for gjeldsrenter.
Frådraget skal likevel ikkje avgrensast dersom du eig bustad eller fritidsbustad i ein annan EØS-stat og skatteavtalen seier at inntekta ikkje skal skattleggjast i Noreg. Har du kravd frådrag for gjeldsrenter i det landet der bustaden eller fritidsbustaden ligg, kan du ikkje trekkje frå dette beløpet i Noreg.
Krev du standardfrådrag, kan du ikkje krevje frådrag for gjeldsrenter. Frå og med 01.01.2019 (skattemeldinga for 2019) er retten til standardfrådrag avgrensa til berre å gjelde utanlandske sjøfolk og sokkelarbeidarar.
Dette legg du sjølv inn i skattemeldinga di. Skatteetaten reknar automatisk om frå utanlandsk til norsk valuta om du vel utanlandsk valuta når du legg inn beløpet.
I nokre tilfelle, til dømes om du leverer vedleggsskjema som ikkje automatisk reknar om valutaen, må du rekne om utanlandsk valuta sjølv.
Om vi spør, så må du kunne dokumentere:
- gjeld og gjeldsrenter med stadfesting frå låneinstitusjonen
- at du ikkje har kravd frådrag for gjeldsrentene i landet der bustaden eller fritidsbustaden i ein annan EØS-stat ligg
- at heile eller tilnærma heile inntekta di er skattepliktig i Noreg dersom du ikkje er skattemessig busett i Noreg og krev frådrag for gjeldsrenter. Samanlikningsgrunnlaget er den totale inntekta di før frådrag i dei ulike landa.
Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon om vi spør.