Innsyn i offentleg postjournal
Du kan be om innsyn i dokument og opplysningar som er offentlege. Du har ikkje rett til å sjå opplysningar som er teiepliktige.
Dette kan du be om
Du kan be om innsyn i saksdokument, journalar eller liknande register hos Skatteetaten, eller eventuelt ei samanstilling av opplysningar som er elektronisk lagra i Skatteetatens databasar.
Innsyn for presse
Jobbar du i pressa? Sjå Innsyn for pressa.
Innsyn i dokument som ikkje er offentlege
Om du vil sjå kva personopplysningar Skatteteaten har registrert om deg: Sjå personopplysningane mine
Om du vil sjå dokumenta i saker som gjeld deg (partsdokument): Sjå saksdokumenta mine (partsinnsyn)
Dette treng me når du ber om innsyn
Du må forklare kva du ønskjer å sjå, slik at Skatteetaten kan finne dokumenta eller opplysningane du ber om. Det kan du gjere ved å skrive til dømes kva tidsrom dokumenta gjeld, eller kva sak dokumenta gjeld.
Du treng ikkje
- å grunngi kvifor du vil sjå dokumenta eller opplysningane
- å oppgi namnet ditt eller annan informasjon om deg, så lenge Skatteetaten veit kvar dokumenta eller opplysningane eventuelt skal sendast
- å vite sikkert at Skatteetaten har dokumenta du ber om. Viss Skatteetaten ikkje har dei, vil me rettleie om kvar du eventuelt kan finne dokumenta.
Slik gjer du
Du kan be om innsyn via eInnsyn. Der finn du dokument som Skattedirektoratet har fått, sendt eller oppretta (offentleg postjournal).
Journalen på eInnsyn er normalt oppdatert innan fem dagar etter at post til eller frå Skatteetaten er registrert.
Dokument som ikkje finst på eInnsyn
Om du ikkje finn dokumentet du ønskjer innsyn i på eInnsyn, kan du bruke kontaktskjemaet for innsyn etter offentleglova.
Slik behandlar me kravet om innsyn
- Du skal få svar på kravet ditt om innsyn innan tre arbeidsdagar.
- Om me treng lengre tid på å behandle kravet ditt, vil du få beskjed om dette.
- Hovudregelen er at alle dokument er offentlege, men det kan vere unntak.
Om du ikkje har fått fullt innsyn, kan du
- be om grunngiving for avslaget
- klage på avslaget
Regelverk
Reglane om retten til innsyn hos det offentlege finst i lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) (Lovdata.no).
Reglane om at du ikkje har rett til å sjå dokument som er underlagde teieplikt, som personaldokumentasjon eller informasjon som er gradert etter sikkerheitslova, finst i § 7 i forskrift til offentleglova (offentlegforskrifta) (Lovdata.no).