Viktig informasjon

Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.

Pressemelding

Historisk samling av skatt og avgift i éin etat

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Skatteoppkrevjinga i Noreg er no overført frå kommunane til Skatteetaten. Det betyr at Skatteetaten har fått eit samla ansvar for skatt og avgift, inkludert innkrevjing av restskatt og utbetaling av skatt til gode.

-  Fram til no har skatte-Noreg vore delt mellom stat og kommune. No samlar vi oppgåvene og kompetansen ein stad, i éin etat. Vi får utnytte kompetansen på tvers når vi no får overført over 1000 dyktige personar frå kommunane. Eg er trygg på at vi saman skal løyse oppgåvene på ein god måte framover, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark

Frå 1. november overtek Skatteetaten ansvaret for innkrevjing av skatt, føring av skatterekneskap og kontroll av arbeidsgivarar. Endringa legg til rette for samla kontrollar av næringslivet. I tillegg vil ei samling av innkrevjinga opne for effektiviseringar på området og auke likebehandlinga.

All rettleiing på ein stad

Fram til no har både Skatteetaten og kommunane motteke tusentals av spørsmål i året som skulle ha vore retta til den andre parten. Dermed har det blitt brukt unødvendig tid for den som tek kontakt, kommunen og Skatteetaten.

-  No treng du ikkje lenger vurdere om du skal kontakte kommunen eller Skatteetaten når du har spørsmål om skatt. No får du all skatterettleiing på ein stad – skatteetaten.no. Og viss du har behov for å kontakte oss, kan du sende inn søknadar og spørsmål inn via nettsidene, chatte med oss eller ringe 800 80 000, seier Schancke Funnemark.

Skatteetaten har kontorstad 57 stadar i landet. Ein må bestille time for rettleiing på eit kontor, men på grunn av koronasituasjonen er det no berre mogleg å bestille time til tenester som krev personleg oppmøte: Søkje skattekort for første gong (utanlandske statsborgarar), melde flytting til Norge, få utført ID-kontroll, gjennomføre DNA-test eller bekrefte farskap.

Kjempe mot den svarte økonomien

Ei av dei sentrale oppgåvene til skatteoppkrevjarane har vore å kontrollere at arbeidsgivarar etterlever skattereglane. Skatteoppkrevjarane har samarbeidd tett med mellom anna Arbeidstilsynet, Skatteetaten og Politiet for å kjempe mot arbeidslivskriminalitet.

-  Skatteetaten har ei nasjonal organisering med store divisjonar som har ansvar for landsdekkande oppgåver. Det gjer at vi kan sjå samanhengar på tvers av kommunegrensene og setje inn ressursane der dei trengst mest, seier Schanke Funnemark.

Godt samarbeid med kommunane

Overføringa er planlagt og gjennomført som eit samarbeid mellom Skatteetaten, kommunane og KS.

-   Det er lagt ned eit stort arbeid i å kartleggje kompetansen i kommunane. Til dømes har det vore mange nyansar i korleis kommunane har løyst oppgåvene, og vi har saman funne ut korleis oppgåvene skal løysast framover. Vi har også klart å digitalisere fleire oppgåver undervegs, seier skattedirektør Schanke Funnemark.

På grunn av smittevern jobbar mange i Skatteetaten no på heimekontor.

-  Skatteetaten tek omsyn til nasjonale og lokale anbefalingar. Den første perioden etter overføringa vil derfor nokon arbeide på heimekontor og nokon vere på kontor ulike stadar i landet. Vi skal ha eit omfattande introduksjonsløp for alle som kjem frå kommunane til oss, men det blir nok meir digitalisert enn vi opprinneleg hadde planlagt. Vi tek uansett imot dei nye medarbeidarane våre med opne armar, og vi håpar dei får ein god start i Skatteetaten, seier Schanke Funnemark.

Skattedirektør Nina Schanke Funnnemark
Skattedirektør Nina Schanke Funnnemark