Pressemelding

Noregs skattedirektør leier OECD-toppmøte om skatt, oppmodar til felles løysingar i internasjonalt samarbeid

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Skattedirektør Hans Christian Holte leier OECD sitt nettverk av skattedirektørar. 26.–28. mars 2019 kjem dei ulike landa saman til toppmøte i Chile. Holte oppmodar til internasjonalt samarbeid og felles løysingar.

- Hovudbodskapet mitt i Chile er at vi må bevare trua på det internasjonale samarbeidet om felles reglar og korleis desse skal forståast. Vi må bruke kreftene i internasjonalt samarbeid på å skape eit føreseieleg internasjonalt skattesystem for næringsliv og statar. Dette skal vi gjere ved å redusere og fjerne smutthol, uklarheiter og risiko for dobbeltskattlegging, seier Hans Christian Holte, skattedirektør og leiar for OECD sitt skatteforum, FTA.

Kva skal diskuterast i OECD sitt skattenettverk?

På møtet i Santiago, Chile, skal landa og skattedirektørane gjere opp status på arbeidsprogram, diskutere utfordringar og nye felles tiltak. Viktige tema på agendaen er internasjonal skattlegging, digital økonomi, delingsøkonomi, deling og bruk av data og skattebistand.

–Vi må finne gode felles løysingar for skattlegging i samband med digitaliseringa av økonomien, effektivisere utvekslinga av informasjon mellom skatteadministrasjonar og bidra til openheit. Som skattedirektørar skal vi ikkje utvikle politikken, men finne dei gode praktiske løysingane, seier Holte. Samtidig er eg som skattedirektør i Noreg oppteken av å peike på endringsbehov, slik at vi kan ta faglege diskusjonar og politiske vegval og avgjersler på eit breitt og godt fundert grunnlag.

– Noreg har komme langt i å utvikle løysingar som sikrar god kvalitet på data, i samband med informasjonsutveksling og deling av data. I Chile vil Noreg dele både kunnskap, eksempel og erfaring med andre skatteadministrasjonar, seier Holte.

Det er det første toppmøtet i OECD-nettverket sidan Noreg overtok leiinga i styret på det førre møtet i Oslo i september 2017.

OECD sitt skattenettverk FTA

OECD sitt nettverk av skattedirektørar blir kalla Forum on Tax Administration (FTA) og blei stifta i 2002. FTA samlar dei øvste leiarane frå skatteadministrasjonar i 53 land, inkludert alle OECD-land og alle G20-land. FTA skal identifisere, diskutere og påverke relevante skattetrendar og utvikle nye idear som kan forsterke dei ulike skatteadministrasjonane. Det er FTA-toppmøte kvart halvanna år. Les meir om FTA

Fakta og bakgrunnsinformasjon om tema som blir diskuterte på toppmøte i Chile:

Deling av informasjon

Skatteetaten samlar inn og forvaltar store mengder data om befolkninga. Det gjer at etaten kan digitalisere og forbetre Skatteetaten sine tenester. Informasjonen i mellom anna Folkeregisteret, skattemeldinga, aksjonærregisteret og valutaregisteret er verdifull også i ein større samfunnsmessig samanheng.

Etaten ønskjer å legge til rette for auka bruk og deling av informasjon på ein sikker og god måte som sikrar personvernomsyn, for at det òg skal ha effekt hos andre aktørar. Eitt eksempel er samtykkebasert lånesøknad, ei løysing og eit samarbeid mellom offentleg og privat verksemd, der Skatteetaten har gjort opplysningar om inntekt, formue og likningsdata tilgjengeleg for overføring til bankane sitt system ved søknad om lån. Bankane får informasjon i sanntid og berre den informasjonen dei treng. Løysinga gir store gevinstar for banknæringa, og det er positivt for brukarane, som får raskare svar på lånesøknadene sine. Samtykkebasert lånesøknad kjem til å bli presentert som eksempel i Chile.

Automatisk informasjonsutveksling (CRS / Land-for-land-rapportering)

CRS (Common Reporting Standard) og Land-for-land-rapportering er automatisk utveksling av opplysningar mellom skattestyresmakter. Informasjonsutvekslinga er tiltak for å forhindre utholing av skattefundamentet og overskotsflytting og oppfyller OECD si tiltaksliste BEPS (Base Erosion and Profit Shifting).

CRS er ein internasjonal standard fastsett av OECD og definerer kva opplysningar avtalelanda skal utveksle med kvarandre. Les pressemelding om siste CRS-utveksling

Land-for-land rapportering

Dei største multinasjonale konserna må rapportere til skattestyresmaktene i landet der dei har registrert hovudkontor, med aggregerte nøkkeltal på omsetning, aktivitet og skatt for kvart land dei opererer i. Rapporten blir så delt med skattestyresmaktene i alle land der konsernet har verksemd, og som Noreg har inngått utvekslingsavtale med.

Digitaliseringa av økonomien, reglar om skattlegging

Etter gjeldande internasjonale skattereglar er fysisk nærvær sentralt for å kunne skattlegge utanlandske selskap som har aktivitet i fleire land. Det inneber at dersom eit utanlandsk selskap sel varer og tenester til forbrukarar i Noreg og det skjer utan at selskapet er fysisk til stades her, vil ikkje Noreg ha rett til å skattlegge inntekta frå slikt sal. Digitaliseringa av økonomien inneber at selskap i aukande grad kan betene ein marknad utan å vere nemneverdig fysisk til stades der. Dette set press på dei internasjonale reglane om kva land som skal kunne skattlegge inntekta.

Skattebistand

Skattebistand handlar om at Skatteetaten og Noreg hjelper utviklingsland med å mobilisere eigne ressursar og utvikle eigne skatteadministrasjonar.

OECD (organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) og Noreg har inngått ein samarbeidsavtale for å hjelpe utviklingsland med skatteutfordringar. Avtalen inneber økonomisk støtte tilsvarande 45 millionar norske kroner, vil gå over ein fireårsperiode og startar opp i 2019. Skatteetaten inngjekk i 2018 ein avtale med Norad om bistandsarbeid og skatt. Avtalen har ei økonomisk ramme på 50 millionar kroner.

Dei to avtalane understøttar FN sitt utviklingsmål om å doble den økonomiske støtta til utvikling av skatteforvaltning og utgjer i sum nesten 100 millionar kroner til skatt for utvikling.

Føreseieleg skattlegging og implementering av BEPS

Det er innført ei rekke tiltak for å forhindre skatteflukt. Eksempel på tiltak er ytterlegare avgrensingar av rentefrådrag, justering av heimehøyrandeomgrepet, land-for-land-rapportering, meir robuste internprisingsreglar og avgiftsplikt ved levering av elektroniske tenester til norske forbrukarar frå utanlandske næringsdrivande, såkalla VOES (VAT on electronic services). Vidare blir det arbeidd med kjeldeskatt på rente og royalty, lovfesta omgåingsregel og fjerning av 350-kronarsgrensa for fritak for mva. på varer frå utlandet til forbrukarar i Noreg.