Viktig informasjon

Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.

Pressemelding

Skatteetaten minner om: Alle kassaapparat må oppgraderast i løpet av 2018

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Bedrifter som driv kontanthandel må innan utgangen av 2018 få på plass eit kassasystem som tilfredsstiller krava den nye kassasystemlova stiller. – Eitt år går fort, så ikkje vent for lenge med planlegginga, tilrår seksjonssjef Astrid M. Dugstad Tveter i Skatteetaten.

Den nye kassasystemlova tok til å gjelde for leverandørane allereie 1. januar 2017, og stiller krav om at alle nye kassasystem som blir selde, utleigde eller utlånte, følgjer det nye regelverket. For å leggje til rette for ei naturleg utskifting av eksisterande system, fekk bokføringspliktige føretak ytterlegare to år på å oppgradere kassasystema sine.

– Vi er no halvvegs i overgangsperioden, og vi tilrår difor at dei som driv med kontantsal gjer seg kjende med dei nye lovkrava, seier Dugstad Tveter. – Eit godt råd er å kontakte systemleverandøren og forhøyre seg om det eksisterande kassasystemet kan eller skal oppgraderast i 2018. Dersom det ikkje er mogeleg, må bedrifta skaffe eit nytt system og bruke desse til å registrere og dokumentere kontantsal.

Frå 2019 må alle kassasystem vere produkterklærte

For frå 1. januar 2019 vil det berre vere tillate å nytte kassasystem som tilfredsstiller krava i lova og er utstyrte med ei såkalla produkterklæring frå leverandøren. På skatteetaten.no/kassasystem finn du ei oppdatert liste over dei leverandørane som har produkterklært kassasystema sine hjå Skatteetaten. – Lista over produkterklærte kassasystem gir både god oversikt og større tryggleik for at kassasystemet oppfyller krava i det nye regelverket, meiner Dugstad Tveter.

Viktig lov for å motverke svart økonomi

Den nye lovgivinga er eit viktig bidrag i kampen mot svart økonomi og for ei meir rettferdig skattlegging i kontantsalbransjen. Skatteetaten har gjennom fleire år avdekt vesentleg manipulasjon av kassasystem og unndregen kontantomsetning i ein del bransjar. - I tillegg til tap av skatteinntekter som skal kome fellesskapet til gode, medverkar unndregen omsetning til illojal konkurranse, der seriøse næringsdrivande risikerer å bli utkonkurrerte. Dette er ei utvikling som verken næringa eller det norske samfunnet er tent med, meiner Dugstad Tveter.

Den nye lovgivinga krev at kassasystem skal vere utstyrte med ei rekkje nye funksjonar. Det er også innført forbod mot somme typar funksjonar.

Risikerer gebyr ved brot på lova

Etter 1. januar 2019 er det berre kassasystem som tilfredsstiller lovkrava det er tillate å bruke. Har du ikkje eit nytt kassasystem på plass då, risikerer bedrifta å få eit gebyr på 11300 kroner, og det dobbelte dersom ein bryt denne lova fleire gonger.

Spørsmål om regelverket?

For å bli kjend med det nye regelverket, er det lurt å ta ein kikk på heimesidene våre, oppmodar seksjonssjef Tveter. Her er det samla mykje nyttig informasjon, både om sjølve lovverket, om produkterklærte kassasystem og ofte stilte spørsmål og svar. Her finn ein òg ei lenkje til bokføringsforskrifta som stiller ei rekke nye brukarkrav frå 1. januar 2019, sjå skatteetaten.no/kassasystem.

Den nye kassasystemlova stiller nye og strengare krav til leverandørar og brukarar av kassasystem. Frå 1. januar 2019 er det berre tillate å bruke kassasystem som er produkterklærte og tilfredsstiller dei krava og funksjonane regelverket fastset. Føremålet er å gjere det vanskelegare å manipulere kassasystem og unndra kontantsal frå utrekning av skatt og avgift, seier Astrid M. Dugstad Tveter, Skatteetaten. Foto: Skatteetaten.