Pressemelding

I dag kjem skattepengane

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

I dag får over 4 millionar lønnstakarar og pensjonistar skatteoppgjeret. 2,7 millionar får i gjennomsnitt 11 300 kroner att på skatten.

Dei 2,7 millionar skattytarane som har skatt til gode, får til saman 31 milliardar kroner tilbakebetalt. Ein halv million lønnstakarar og pensjonistar får restskatt. Dei må betale til saman ti milliardar kroner, med 19 400 kroner i gjennomsnitt. 

- Skatteoppgjeret er den endelege utrekninga basert på opplysningane som blei leverte i skattemeldinga. Skatteetaten reknar ut kor mykje skatt du skulle ha betalt for i fjor, og betaler enten tilbake overskytande beløp eller krev inn restskatt. Slik blir skatten rett, seier Nina Schanke Funnemark, assisterande skattedirektør.

Stemmer ikkje tala? Du skal endre sjølv

Dersom du finn feil eller får nye opplysningar, skal du no i dei fleste tilfella endre dette sjølv ved å levere skattemeldinga på nytt. Dette kan du gjere opp til tre år etter leveringsfristen. Endringa kom med den nye skatteforvaltningslova i 2017. Tidlegare måtte du sende ei klage på skatteoppgjeret til Skatteetaten.

- Du fastset sjølv grunnlaget for skatten din når du oppgir inntekt, formue, gjeld og frådrag i skattemeldinga. Dersom du oppdagar feil i etterkant, endrar du opplysningane og leverer ei ny skattemelding. Det gjeld òg dersom du tok i bruk leveringsfritak. Det er raskare og enklare både for deg og for Skatteetaten, seier Funnemark.

Skatteetaten har laga ei rettleiing som hjelper deg med å endre skatteopplysningar sjølv. I somme tilfelle er det framleis nødvendig å levere ei klage for å få til endring. Det gjeld til dømes endringar i sjølvmeldingar for inntektsåret 2015 og tidlegare, eller endringar av opplysningar som Skatteetaten har fastsett.

Seinare oppgjer for næringsdrivande

For dei som ikkje får skatteoppgjeret 27. juni, er det løpande oppgjer mellom 15. august og 24. oktober. Det gjeld mellom anna personleg næringsdrivande og ektefellane deira samt lønnstakarar og pensjonistar som leverte skattemeldinga på papir.  Andre årsaker til at du får skatteoppgjeret seinare, kan vere at skattemeldinga di manglar opplysningar, inneheld kompliserte forhold, eller at du er teken ut til kontroll.

Om lag 800 000 skattytarar får skatteoppgjeret mellom 15. august og 24. oktober.

Tal og praktisk informasjon

Hovudtala (per kommune) for oppgjeret 27. juni finn du her: skatteetaten.no/nokkeltall

  • Nesten 4,1 millionar lønnstakarar og pensjonistar får skatteoppgjeret 27. juni.
  • 2,7 millionar får i gjennomsnitt 11 300 kroner att på skatten. Til saman får dei betalt tilbake 31 milliardar kroner.
  • Rundt 550 000 lønnstakarar og pensjonistar får restskatt. Dei må betale til saman ti milliardar kroner, med 19 400 kroner i gjennomsnitt.
  • Rundt 800 000 har verken skatt til gode eller restskatt, enten fordi dei har betalt rett beløp på forskot, eller fordi dei ikkje har skattepliktig inntekt eller formue.
  • 1 million av dei som får skatteoppgjeret no, leverte skattemeldinga, mens 3 millionar personar brukte leveringsfritak.

Levering av skattemelding

  • 3,2 millionar (71 %) lønnstakarar og pensjonistar totalt brukte leveringsfritak, det vil seie gjorde ikkje endringar i skattemeldinga, men lèt ho bli levert automatisk med dei førehandsutfylte opplysningane ved leveringsfristen.
  • Totalt 1,3 millionar lønnstakarar og pensjonistar leverte skattemeldinga. Dei aller fleste (1,2 millionar, 92 %) av desse leverte elektronisk. Rundt 800 000 leverte på papir. Dei fleste som leverer skattemeldinga, har gjort endringar. Enkelte leverer ho òg utan endringar.

Utbetaling av pengar til gode og betalingsfrist for restskatt

Dei som har skatt til gode, får pengane inn på konto innan tre veker frå 27. juni. Dei aller fleste får utbetalt pengane på oppgjersdatoen. I sjølvmeldinga du fekk i april, er det oppgitt kva for konto pengane skal overførast til. Dersom du ikkje har oppgitt nokon konto, vil du få tilsendt eit utbetalingskort i posten til den folkeregistrerte adressa di.

Dersom skatteoppgjeret du får 27. juni, viser at du må betale restskatt, er fristen for å betale denne 20. august. Er restskatten over tusen kroner, blir beløpet delt over to terminar, med andre termin 24. september. Ein faktura med betalingsinformasjon og -forfall blir send elektronisk eller i posten.

Varsel om skatteoppgjer

Du får eit elektronisk varsel frå Skatteetaten når skatteoppgjeret ditt er klart. Du loggar deg inn på skatteetaten.no for å sjå skatteoppgjeret.

Dei som har reservert seg mot digital kommunikasjon får skatteoppgjeret i posten.

No slepp du kø: timebestilling på skattekontoret

Denne veka innførte Skatteetaten timebestilling for dei som skal besøkje skattekontoret. I dag kan ein ordne det aller meste på skatteetaten.no, og ein kan få svar på spørsmål på nettsida eller på telefon. Skatteetaten har nyleg utvida den digitale rettleiinga til også å omfatte chat og ei Facebook-side for næringsdrivande.

Det er berre når det skal gjennomførast ID-kontroll ved innflytting eller arbeid i Noreg at du er pliktig til å møte på eit skattekontor.

Du bestiller time på skatteetaten.no, telefon eller skattekontoret. Les meir og bestill time her: skatteetaten.no/timebestilling 

 

Meir informasjon på skatteetaten.no

Les meir om skatteoppgjeret her: skatteetaten.no/skatteoppgjor

Les meir om korleis du endrar eller klagar her: skatteetaten.no/klage