Pressemelding

Timebestilling på skattekontora

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Frå 25. juni slepp du kø viss du må besøkje skattekontoret. Skatteetaten innfører timebestilling.

Du bestiller time på skatteetaten.no, telefon eller skattekontoret.

– I dag kan ein ordne det aller meste på skatteetaten.no, og ein kan få svar på spørsmål på nettsida eller på telefon. Med timebestilling får dei som kjem på skattekontora betre service. Dei slepp kø og dei møter ein rettleiar som er førebudd, seier Øivind Strømme, direktør for regionavdelinga i Skatteetaten.

Dersom nokon møter opp utan å ha bestilt time, hjelper dei tilsette i etaten til med å bestille time eller dei opplyser om korleis ein kan bestille time.

Skatteetaten har nyleg utvida den digitale rettleiinga til òg å omfatte chat og ei Facebook-side for næringsdrivande.

Det er berre når det skal gjennomførast ID-kontroll ved innflytting eller arbeid i Noreg at du er pliktig til å møte på eit skattekontor.

Les meir og bestill time på skatteetaten.no/timebestilling.