Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.
2. Bruk av datautskrifter
24. oktober 1988 fastsette Skattedirektoratet med verknad frå og med inntektsåret 1988, forskrift nr 844 om høve til å sende inn datautskrift i staden for fortrykte likningsskjemaa. Forskrifta er fastsett med heimel i lov av 13. juni 1980 nr 24 om likningsforvaltning §§ 4-3 nr 3, 4-4 nr 7, 6-16 bokstav b og selskapsskattelova § 9-2 med tilhørande forskrifter, jf Finansdepartementets delegeringsvedtak av 28. november 1994.
På skatteetatens internettside: www.skatteetaten.no kan ein hente dei fleste likningsskjmaa for 1998.
Den generelle regelen er no at det kan nyttast datautskrift, dersom utskrifta oppfyller krava i §§ 2 - 4 i forskrifta. "Lønns- og trekkoppgåve" (RF 1023 og 1024) og "Årsoppgåve for arbeidsgivaravgift - Følgjeskriv til lønns- og trekkoppgåver" (RF-1025) er likevel ikkje omfatta av denne forskrifta.
I følgje kunngjering av 15. desember 1998 har Skattedirektoratet i medhald av nemnde forskrift vedteke at "Sjølvmelding for næringsdrivande m m" kan leverast som datautskrift når vilkåra i forskrifta sine §§ 2-4 er oppfylde og datautskrifta er skrive ut av revisoren, rekneskapsføraren eller advokaten til skattytaren. Det er eit vilkår at datautskrifta blir underteikna, og at ho blir lagt inn i det orginale skjemaet der identifikasjonsrubrikkane på side 1 må fyllast ut. Vedtaket gjeld med verknad for inntektsåret 1998. I medhald av forskrift nr 844 (nemnd ovanfor) kan Skattedirektoratet gi visse grupper skattytarar høve til å levere datautskrift av "Sjølvmelding for næringsdrivande m m" når utskrifta oppfyller krava i §§ 2-4 i forskrifta.
Forskrifta stiller elles krav til innhaldet i datautskrifta og til utforming, kvalitet/format m m. Forskrifta med merknader er mellom anna teke inn i Skattedirektoratets melding Sk nr 6/1989 (Utv 1989 s 160). I "Rettleiing for innsending av årsoppgjer som vedlegg til sjølvmeldinga" (RF-1074) er det også gjort greie for skjema der ein kan nytte datautskrift.
Ein må vere merksam på at nokre skjema skal leverast i fleire eksemplar, t d RF-1207 "Aksjonærbidrag 1998 - Opplysningar om innbetalt bidrag".
Det er ikkje høve til å leggje ved særskilt oppstilling av resultatrekneskapen og balansen i dei allmenne næringsoppgåvene. Skattytaren har plikt til å fylle ut resultatrekneskap og balanse i næringsoppgåva, eller levere datautskrift i samsvar med forskrifta nemnd ovanfor.