Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.
Klagenemnda for merverdiavgift
KMVA 8047
Klagenemnda si avgjersle av 7. april 2014
Klagenemnda opphevet tilleggsavgiften.
Saken gjelder: Tilleggsavgift med 20 %. Påklaga beløp er kr 18 000.
Stikkord: Tilleggsavgift
Bransje: Grunnarbeid
Mval.: § 21-3
Skatteetaten.no: Tilleggsavgift og andre reaksjoner
Innstillingsdato: 11. mars 2014
KLAGENEMNDA FOR MEIRVERDIAVGIFT
Avgjerd i møte 7. april 2014 i sak KMVA 8047 - Klager.
Skatt x har gjeve slik
I n n s t i l l i n g:
Klager, org.nr. xxx xxx xxx, vart registrert i Meirverdiavgiftsregisteret med to-månadlege terminar frå og med 3. termin 2003. Verksemda er registrert under bransje dyrking av grovfor og utleige av driftsbygning.
Etter ein avgrensa oppgåvekontroll av 4. termin 2013, gjorde skattekontoret vedtak om etterrekning av utgåande meirverdiavgift med kr 90 000 den 27.11.2013. Det vart ilagt tilleggsavgift med 20 %, kr 18 000.
Klage vart motteke den 04.12.2013. Skattekontoret fekk klagen innan klagefristen. Det er tilleggsavgifta som er påklaga.
Påklaga beløp utgjer: Termin/År Tilleggsavgift 4/2013 18 000 Sum 18 000
Det er ilagt renter i samsvar med føresegnene i skattebetalingslova. Ein syner her til vedtaket.
Saka er ikkje brakt inn for domstolane eller meldt til påtalemakta.
Skattekontoret si innstilling har vorte sendt klager for gjennomsyn. Skattekontoret har ikkje motteke nokon merknader til innstillinga.
Kopi av følgjande dokument er lagt ved innstillinga: Dok.nr. Dokumentnavn Dato 1 Varsel om oppgavekontroll 09.10.2013 2 Tilsvar frå virksomheita 18.10.2013 3 Bokføringsspesifikasjon 2013 18.10.2013 4 Bilag 228 18.10.2013 5 Varsel om fastsettelse 31.10.2013 6 Tilsvar til varsel 17.11.2013 7 Vedtak 27.11.2013 8 Klage 04.12.2013 A1 Borgarting lagmannsrett si dom Utv.2008.864
Klaga gjeld
Ilagt tilleggsavgift på 20 %, kr 18 000, knyta til etterrekning av utgåande meirverdiavgift på kr 90 000 grunna for lite innrapportert i utgåande meirverdiavgift.
1.1 Faktum i saka Klager driv med dyrking av grovfôr, utleige av driftsbygning og har sjølv opplyst at han driv eit gardsbruk med produksjon av gras og skog.
Kontroll av omsetningsoppgåva for 4. termin 2013 avdekka at bilag 228, sal av traktor, vart ført med feil forteken i rekneskåpet, slik at meirverdiavgifta vart redusert i staden for auka. Skattekontoret vedtok difor den 27.11.2013 ein etterrekning av utgåande meirverdiavgift med kr 90 000 samt ila ein tilleggsavgift på kr 18 000.
1.2 Skattekontoret sitt vedtak og grunngjeving
Det siterast frå vedtaket:
"Begrunnelse for vedtaket
Skattekontoret har ilagt tilleggsavgift med 20 %, som utgjer kr 18 000.
Spørsmålet om å ileggje tilleggsavgift og om storleiken på denne skal, ut frå gjeldande reglar og rettspraksis, bli vurdert ut frå eit subjektivt grunnlag.
Verksemda hevdar at staten ikkje kunne blitt påført eit tap fordi feilen ville blitt oppdaga og retta av verksemda med ei korrigert omsetningsoppgåve.
Det er tilstrekkelig at staten kunne vært påført tap ved innsending av ei uriktig avgiftsoppgåve. Tapsfaren er til stade ved innsending av ei oppgåve som inneheld feil. Det at verksemda meiner at feilen ville blitt retta på eit seinare tidspunkt kan difor ikkje ileggjast vekt.
På bakgrunn av det som er kome fram under kontrollen finn skattekontoret at det er klar sannsynsovervekt for at verksemda har rapportert for lav sum for utgåande meirverdiavgift i sine avgiftsoppgåver og at brot på lova dermed har skjedd med det resultat at staten er eller kunne bli påført eit avgiftstap.
Det er tilstrekkeleg at det føreligg aktløyse for å ileggje tilleggsavgift. Utgangspunktet for vurdering av det konkrete tilfellet er at den avgiftspliktige er pliktig til å sette seg inn i dei reglar som gjeld berekning av avgift for si eiga verksemd.
Verksemda meiner at den ikkje har vore aktlaus, men at feilen skuldast ein tastefeil i rekneskapen. Dette medførte at salet av gravemaskina uriktig blei ført som reduksjon av utgåande meirverdiavgift. Verksemda meiner at den ikkje kan ileggas tilleggsavgift då feilen skuldast ein tastefeil i rekneskapen. Det vises også til at bilaget er ført på konto 1203.20 Gravemaskin med kode 03 for sal.
I følgje retningslinjene til skattedirektoratet for ilegging av tilleggsavgift punkt 3.4 skal det ikkje ileggast tilleggsavgift ved openberre rekne- eller skrivefeil i rekneskap eller omsetningsoppgåve. Tilleggsavgift ileggas likevel der feilen burde vært oppdaga og avgiftssubjektet ikkje har gjort avgiftsmyndigheitene merksam på feilen.
Skattekontoret legg til grunn at det har funnet stad ein reknefeil, men den må være openberr for at tilleggsavgift ikkje skal ileggast. Det går ikkje fram av retningslinene kva som meines med openberre, men skattekontoret legg til grunn at skattekontoret ved kontroll av oppgåva enkelt kunne oppdage feilen sjølv. I følgje likningslovens lovføresegn om tilleggsskatt går det fram av liknings ABC 2012/13 punkt.3.12 side 1209: "For at en regne- eller skrivefeil skal være åpenbar, må den være så iøynefallende at ligningsmyndighetene ikke kan unngå å oppdage den når de behandler oppgavene med alminnelig nøyaktighet, se Ot. prp. nr 29 (1978-79) s123. Feilen er ikke åpenbar hvis det som ser påfallende ut, kan ha en plausibel forklaring og derfor kan være riktig. Det er avgjørende at det lett kan konstateres at noe er feil."
Skattekontoret meiner at feilen ikkje er openberr sidan skattekontoret ikkje oppdaga feilen ved gjennomgang av innsendte oppgåve. Det at verksemda har brukt kode "03 salg" i rekneskapet har ikkje avgjørande tyding da rekneskapsførarar fører rekneskap på ulike måtar. Teksten "salg" er heller ikkje brukt på alle føringar som gjeld utgåande meirverdiavgift. Sjølve salet av gravemaskina er dessutan ikkje ført på ei inntektskonto i rekneskapet. Det kunne og tenkast at føringa i rekneskapet gjeld ei kreditnota, eller eit kjøp av ei gravemaskin kor avgiftsbeløpet uriktig var ført til reduksjon av utgåande meirverdiavgift i steda for ei auking av inngåande meirverdiavgift. Skattekontoret måtte difor ha sett bilaget for å være sikker på at føringa var ført uriktig som følgje av ein tastefeil. Skattekontoret er difor av den oppfatning at reknefeilen ikkje er openberr. Skattekontoret er også av den oppfatning at verksemda sjølve burde oppdaga feilen ved innsending av oppgåva. I følje rekneskapsmaterialet omsette verksemda for kr 397 932 i terminen som det var rekna avgift av og gravemaskina var selde for kr 180 000 + avgift, noko som utgjer ein stor sum samanlikna med resterande sal. Mesteparten av omsetninga skuldast nokon få sal og verksemda burde sett at summen for avgiftspliktig omsetning og utgåande meirverdiavgift var for lavt ved innsending av oppgåva.
Skattekontoret viser til at reglane om rapportering av utgåande meirverdiavgift og utfylling av omsetningsoppgåva er heilt sentrale på meirverdiavgiftsområdet og må vere kjende av verksemda.
Skattekontoret finn at det er klar sannsynsovervekt for at verksemda har vist tilstrekkelig grad av aktløyse når verksemda oppgjer uriktig sum for utgåande meirverdiavgift i omsetningsoppgåva.
Skattekontoret meiner vilkåra for å ilegg tilleggsavgift er oppfylt, og har på grunnlag av dette gjort vedtak om å ileggje 20 % tilleggsavgift."
1.3 Motsegnene til klagar
Det vert klaga over vedtaket om ilagt tilleggsavgift, og det vert vist til tidlegare korrespondanse, tidsaspektet til etterkontroll og retting av feil og at klager meiner at det som har skjedd er eit hendeleg uhell. Klager er og av den oppfatning at det i saka dreier seg om ein tastefeil og at dette ikkje er teke nok omsyn til i størrelsen på utmåla tilleggsavgift.
Klager viser fyrst til at det kun var tre dagar mellom innsending av meirverdioppgåva til brev om kontroll vart sendt ut, og at dette korte tidsrommet gjorde at føringa av betaling av bilaget kom i etterkant av brevet om kontroll. Klagar viser til at de var i gong med føring av rekneskapet når brevet om kontroll kom, og meiner på det sterkaste at dette hendelsesforløpet må vere av sterkt formildande karakter ved utmåling av tilleggsavgifta.
Det er beklageleg at feilen ikkje vart oppdaga før innsending, men slike svingingar i avgiftsbeløpet er det normale i verksemda til klagar. Feilen kan sikkert unngåast om ein i tillegg til føringa i rekneskapsprogrammet også foretek ein manuell kalkulering ved sida av, men at dette ikkje er så lett å få tid til i ein travel kvardag.
Klagar stiller og spørsmål med skattekontorets tolking av openberre feil. Etter klagar sin oppfatning må ein med openberr rekne eller skrive/tastefeil ikkje sjå hen til om feilen er lett å sjå, men om det er openbert at feilen kan oppstå som ein skrive/rekne – eller tastefeil. Klagar viser i samband med denne oppfatninga til ei avhandling ved Det juridiske fakultet av 23.04.2012 som omhandlar dette skjønnet.
Klagar har og tatt med to sitat frå forarbeida til lova:
"innebærer likevel ikke at tilleggsavgift tilsiktet brukt ved enhver grad av uaktsomhet" og "at aksomhetsnormen ikke må settes slik at enhver feil i praksis anses å representere en uaktsom overtredelse av avgiftsbestemmelsene i relasjon til spørsmålet om ileggelse av tilleggsavgift".
På bakgrunn av det som er nemnt i klagen og uttalar frå saksbehandlar om at det var tvil om fastsettinga av tilleggsavgifta, finn klagar det grovt urimeleg å verte påført ein kostnad på kr 18 000 i form av tilleggsavgift, og meiner at det ikkje i det heile samsvarar med den smule aktløyse som kan knytast til at dette ikkje vart oppdaga før innsending.
2.4 Skattekontoret si vurdering av klagen
Meirverdiavgiftslova § 21-3 set tre hovudvilkår for ilegging av tilleggsavgift. For det fyrste må det ha skjedd eit brot på meirverdiavgiftslova eller forskrift gjeve i medhald av lova. Vidare må brotet ha ført til at staten har, eller kunne ha vorte påført eit tap. Det er ikkje noko krav at avgift er unndrege. Dernest må selskapet ha vore aktlaust eller opptredd forsettleg. Alle vilkåra må verte bevist som klart sannsynlege.
I denne saka har klagar ført for lite i utgåande meirverdiavgift for sal av traktor. Å innrapportere for lite i utgåande meirverdiavgift er eit brot på meirverdiavgiftslova. Vilkåret er etter dette bevist som klart sannsynleg.
Vidare må brotet ha ført til at staten har, eller kunne ha vorte påført eit tap. Eit brot på meirverdiavgiftslova vil i seg sjølv kunne føre til tap, eller fare for tap for staten. Skattekontoret syner her til at det er tilstrekkeleg at det er sendt inn ein uriktig omsetnadsoppgåve. Det vil i denne samanheng ikkje ha betyding at det kun er tre dagar frå omsetningsoppgåva vart sendt inn til brev om kontroll vart sendt ut. Rekneskapet skal vera ferdig ført, før omsetningsoppgåva vert sendt inn.
Det avgjerande vil vere om handlemåten til selskapet i seg sjølv er eigna til å unndrege avgift, ikkje om selskapet i dette konkrete tilfellet var i ein situasjon som gjør slik unndraging mindre sannsynleg, jf. Borgarting lagmannsretts dom av 31. mars 2008.
Det objektive vilkåret for å ilegga tilleggsavgift i medhald av meirverdiavgiftslova § 21-3 er dermed oppfylte som klart sannsynleg.
Som nemnt over, er det nok for å ileggje tilleggsavgift etter meirverdiavgiftslova § 21-3 at det ligg føre eit aktlaust brot på meirverdiavgiftslova, eller forskrift gitt i medhald av ho. Vilkåret om aktløyse er oppfylt dersom det er utvist simpel aktløyse.
Ein kvar som driv verksemd har ei plikt til å setje seg inn i dei reglar som gjeld for utrekning av avgift for eiga verksemd, og det å ikkje gjere det – eventuelt å ikkje søkje naudsynt hjelp, kan i seg sjølv vere aktlaust, jf. Skattedirektoratet si rettleiing av 24.01.2012 om ilegging av tilleggsavgift.
Sjølv om klagar var i gong med å føre betalinga av bilaget i rekneskapet når brev om kontroll kom fram, endrar ikkje dette på skattekontorets si vurdering av om klagar har utvist aktløyse ved overtredelse av meirverdiavgiftslova. Som nemnt ovanfor skal føring av rekneskapet vera ferdig ved innsending av omsetningsoppgåva. Ei heller endrar det vårt standpunkt at svingingar i avgiftsbeløpet er det normale i klagars verksemd. Klagar pliktar å sørgje for at dei tala som førast i omsetningsoppgåva er korrekte, og må sørgje for å kvalitetssikre oppgåva på ein tilfredsstillande måte. Det at ein unnlatar å gjera ein tilstrekkeleg kvalitetssikring, sjølv om detta skuldas lita tid i ein travel kvardag, slik at oppgåva inneheld feil, er i seg sjølv aktlaust.
Det er skattekontorets vurdering, på bakgrunn av det som er nemnd ovanfor, at dei subjektive vilkår for ilegging av tilleggsavgift klart sannsynleg også er oppfylte.
Det kjem fram av Skattedirektoratet si rettleiing av 24.01.2012 om ilegging av tilleggsavgift punkt 3.4 at tilleggsavgift ikkje skal ileggas ved openberre rekne – eller skrivefeil i rekneskap eller i omsetningsoppgåve. Klagar er ikkje einig med skattekontoret si vurdering av kva som meinas med openberr i denne samanhenga. Klagar viser her til ei avhandling frå Det juridiske fakultet av 23.04.2012. Til dette vil skattekontoret bemerke at ei slik avhandling ikkje har noko rettskildemessig vekt i vurderinga av kva som skal verta anset som ein openberr rekne – eller skrivefeil. Skattekontoret er samde i tolkinga av ordet openberr som er utførleg omtala i vedtaket av 27.11.2013, og vi viser difor til denne i sin heilhet.
Når det gjeld dei to sitata henta frå forarbeida er skattekontoret av den oppfatning at desse henspeiler på at Meirverdiavgiftslova er ei "kan" føresegn, noko som inneber at sjølv om vilkåra nemnde ovanfor er oppfylte, må ein likevel vurdera konkret om tilleggsavgift skal ileggjast, eller ikkje.
Forvaltningspraksis syner at det har vorte ilagt tilleggsavgift i tilsvarande saker der ei verksemd har ført eit bilag med feil forteken noko som har medført at den utgåande meirverdiavgifta vart redusert i staden for auka.
Klagar har vist til at han finn det grovt urimeleg å verte påført ein tilleggsavgift på kr 18 000 i denne saka, og meiner at beløpet ikkje samsvarer med den smule aktløyse som kan knytast til at feilen ikkje vert oppdaga før innsending og at det i dette tilfellet dreier seg om ein tastefeil. Skattekontoret legg til grunn at klagar med dette visar til punkt 4.4 i Skattedirektoratet si rettleiing av 24.01.2012 om ilegging av tilleggsavgift, kor det kjem fram at tilleggsavgift kan ileggjast med eit bestemt beløp der "avgiftssubjektets uaktsomhet anses som forholdsvis liten, men hvor det likevel er grunnlag for å reagere på forholdet med tilleggsavgift,... kan tilleggsavgift beregnet i prosent medføre en uforholdsmessig streng reaksjon". Å føre eit bilag med feil forteken slik at den utgåande avgifta vart redusert i staden for auka kan etter skattekontoret si oppfatning ikkje sjåast på som eit hendeleg uhell. Sal av traktor utgjorde ein stor del av omsetninga for verksemda denne terminen. Skattekontoret er med dette ikkje samde i vurderinga til klagar om at det er utvist ein smule aktløyse, ei heller at feilen ikkje er av ein slik karakter at 20 % tilleggsavgift ikkje burde nyttast.
Skattekontoret kan ikkje sjå at det ligg føre nokon formildande omstende som skulle tilseie at tilleggsavgifta skal reduserast, eller falle bort.
2.5 Innstilling til vedtak
Skattekontoret foreslår etter dette at det fattas slikt
V e d t a k:
Det påklaga vedtak stadfestast.
KLAGENEMNDAS AVGJØRELSE:
Nemndas medlem Stenhamar har avgitt slikt votum: "På bakgrunn av sakens fremstilling mener jeg det en klar punsjefeil som har medført en uriktig mva oppgave for 4. termin 2013. Feilen ville blitt oppdaget og jeg ser ikke at staten ville kunne blitt påført annet tap enn periodisering/ terminforskyvelse. Jeg stemmer derfor i mot tilleggsavgiften."
Nemnds medlem Frøystad har avgitt slikt votum: "Uenig i tilleggsavgift. Det kan i følge retningslinjene for tilleggsavgift pkt 3.1 ses bort fra bagatellmessige feil hos det ellers aktsomme og lojale avgiftssubjekt. Ut fra informasjonen fremlagt for klagenemnda finner jeg heller ikke grunn til å tro at feilføringen er noe annet enn en skrivefeil.
Vedtak: Tilleggsavgiften oppheves."
Nemndas medlem Hines Grape sluttet seg til Stenhamar sitt votum.
Nemndas medlemmer Rivedal og Ongre sluttet seg til skattekontorets innstilling.
Det ble etter dette fattet slikt
V e d t a k:
Tilleggsavgiften oppheves.