Viktig informasjon

Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.

Klagenemnda for merverdiavgift

KMVA 8804 Tilleggsavgift. Mval. § 21-3

  • Publisert:
  • Avgitt 15.02.2016
Saksnummer KMVA 8804

Klagenemnda si avgjerd av 15. februar 2016

Klagedato: 25. september 2015

Klagenemnda stadfestet enstemmmig innstillingen.

Saka gjeld: Tilleggsavgift med 20 % 

Påklaga beløp utgjer kr 33 653

Stikkord: Tilleggsavgift

Bransje: Overnattingsvirksomhet  Dyrking av korn (unntatt ris), belgvekster og oljeholdige vekster  Avvirkning

Mval: § 21-3 (1)

KLAGENEMNDA FOR MEIRVERDIAVGIFT

Avgjørelse fra møte 15. februar 2016 i sak KMVA 8804 – Klager.

Skatt x har avgitt slik

I n n s t i l l i n g:

Klager, org nr xxx xxx xxx, er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret frå 1983 (primærnæring) og frå året 2009 (anna næring), med virkning frå 5. termin 2009. Verksemda er registrert under bransje: overnattingsvirksomhet, dyrking av korn (unntatt ris), belgvekster og oljeholdige vekster, og avvirkning.

På bakgrunn av avgrensa kontroll av omsetningsoppgåva for året 2014 (alminneleg næring) fatta skattekontoret, 08.09.2015, vedtak om å etterrekne inngåande meirverdiavgift med kr 421 117, samt å ilegge 20 % tilleggsavgift (kr 84 223). Verksemda knytta til utleige av fritidseigedom blei sletta frå Meirverdiavgiftsregisteret frå 5. termin 2009.

Skattekontoret mottok 25.09.2015 klage frå verksemda. Klagen er rettidig, og gjeld delar av vedtaket.

Skattekontoret omgjorde den 02.12.2015 delar av vedtaket ved at ilagd tilleggsavgift blei minka ned til kr 33 653.

Innstillinga er sendt klager for utsegn, men det er ikkje kome inn merknader innan fristen.

Påklaga beløp utgjer etter vedtaket om minking:

Termin/år

Utgåande avgift

Inngåande avgift

Tilleggsavgift

Renter

2013-2014

   

33 653

34 971

Sum

   

33 653

34 971

Det er rekna renter i samsvar med skattebetalingslova sine reglar, sjå vedtaket.

Saka er ikkje brakt inn for domstolane eller sendt påtalemyndigheita.

Kopi av følgjande dokument er vedlagt innstillinga:

Dok nr

Dokument

Dato

1

Varsel om oppgavekontroll enkelte bilag

20.05.2015

2

Tilbakemelding ifm varsel om kontroll

03.06.2015

3

Skatt oppsett utleigehytter 2014

 

4

Bilag 2014

 

5

Bilag inntekter

 

6

Dagbok 2014

 

7

Hovedbok 2014

 

8

Mva avstemming

 

9

Mva pr trans

 

10

Saldobalanse 2014

 

11

Ytterligere opplysninger

05.06.2015

12

Oversendelse av flere opplysninger

18.06.2015

13

Varsel om fastsettelse

26.06.2015

14

Tilsvar

18.08.2015

15

Vedtak om etterberegning

07.09.2015

16

Klage

23.09.2015

17

Vedtak om delvis omgjøring

02.12.2015

18

Oversendelse av innstilling til uttalelse

02.12.2015

Klagen gjeld

Klagen omfattar følgjande forhold: Ilegging av 20 % tilleggsavgift, renter.

Faktum i saka

Verksemda er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret frå 2009 med anna næring knytta til utleige av hytter. I søknaden om registrering opplyste verksemda at dei har tre utleigehytter under oppføring. Verksemda viste til at hytte nr 1 ville bli klar for utleige i april/mai 2010. Når det gjeldt hytte nr 2 og nr 3, var det planlagt at desse ville vere klar til sesongen 2011. Dei opplyste og at bruken av hyttene i hovudsak skulle skje ved vekesutleige til turistar.

Etter at verksemda blei registrert i 2009 har dei innmeldt følgjande avgiftspliktig omsetning knytta til utleige av fritidseigedom:

År

Avgiftspliktig omsetning

2009

0 kr

2010

6 000 kr

2011

26 666 kr

2012

29 768 kr

2013

50 000 kr

2014

50 000 kr

Sum

162 434 kr

Verksemda har i same periode kravd frådrag for inngåande avgift med følgjande beløp:

År

Inngåande mva

2009

144 200 kr

2010

90 128 kr

2011

14 876 kr

2012

3 646 kr

2013

15 762 kr

2014

154 718 kr

Sum

423 330

Skattekontoret har i vedtak av 08.09.2015 ved ein inkurie tilbakeført inngåande avgift med kr 421 117, i staden for kr 423 330 som verksemda har kravd frådrag for. Skattekontoret vil ved vurderinga av klagen leggje det tal som følgjer av vedtaket til grunn.

I samband med oppgåvekontrollen er det av verksemda si rekneskapsførar opplyst at verksemda pr 31.12.2014 har ferdigstilt hytte nr 1 og at hytte nr 2 er under utbygging. For hytte nr 3 er byggestart planlagt til hausten 2015. Ifølgje rekneskapsføraren har verksemda i realiteten berre drive med utleige av ei hytte i perioden 01.11.2010-31.12.2014.

Under kontrollen vart det vidare avdekka at verksemda sidan 01.02.2013 har leigd ut hytte nr 1 til bustadformål. Omsetninga i 2013 og 2014 er knytta til dette eine utleigeforholdet. Planen var at leigetakarane eigentleg skulle leige hytta for ei kort periode, før hytta på nytt skulle leigast ut til turistar. Klagar har opplyst at denne avtalen vil bli oppsagt hausten 2015.

Skattekontoret sitt vedtak og grunngjevinga

Det vert sitert frå vedtaket:

"Vedtak om ileggelse av tilleggsavgift

Skattekontoret har vedteke å ilegge tilleggsavgift med 20 %. Tilleggsavgifta utgjer kr 84 223.

 

Eit avgiftssubjekt som forsettleg eller aktlaust overtrer reglar i meirverdiavgiftslova med forskrifter og ved det har eller kunne ha påført staten tap, kan bli ilagt tilleggsavgift. I tillegg til dei objektive vilkåra må også subjektive vilkår vere oppfylt for at de kan bli ilagt tilleggsavgift. Dei subjektive vilkåra er om avgiftssubjektet har skyld i handlinga eller unnlatinga som har ført til feilen, og eventuelt kor alvorleg skyldgraden er. Tilleggsavgift vert ilagt blant anna i samsvar med Skattedirektoratet sine retningslinjer for ilegging av tilleggsavgift datert 10. januar 2012 og praksis i liknande saker.

 

På bakgrunn av det som er komme fram under kontrollen finn skattekontoret at det klart er mest truleg at verksemda har krevd frådrag for inngåande avgift utan å oppfylle krava til næringsverksemd, og dermed ikkje oppfylt vilkåra for registrering i Meirverdiavgiftsregisteret. Dermed har verksemda overtrådt reglar i meirverdiavgiftslova slik at staten gjennom dette er eller kunne bli påført tap.

 

I tilsvaret av 18.08.2015 når det gjeld ilegging av tilleggsavgift legg de vekt på at Klager ikkje bevist har prøvd å påføre staten tap.

 

Det fylgjer av Meirverdiavgiftshåndboka 10. utgåve 2014 side 936 at: "alternativet kunne ha påført staten tap innebærer at unndragelsen er fullbyrdet i det en uriktig omsetningsoppgave er sendt inn til avgiftsmyndighetene. Faren for at avgiftsmyndighetene kan komme til å legge den uriktige oppgaven til grunn for avgiftsoppgjøret og dermed lide et tap er da tilstede." Det er difor ikkje av betyding at Klager ikkje bevisst prøvde å påføre staten tap.

 

Skattekontoret legg til grunn at verksemda har vore aktlaus då den burde ha forstått at lova blei overtrådt.Utgangspunktet for vurderinga er at avgiftssubjektet har plikt til å sette seg inn i dei reglane som gjeld ved beregning av avgift for si eiga verksemd og andre forhold som kan ha betydning for at omsetningsoppgåva blir riktig, eller å søke hjelp frå andre.

 

Skattekontoret ilegg på denne bakgrunn 20 % tilleggsavgift for tilfellet i tråd med retningslinjer og praksis."

Klagar sine innvendingar

Klagar er usamde i at det skal ileggast tilleggsavgift og renter.

Han grunngjev klagen med at han heile tida har vore open med både utleige og framdrift av utbygging, og at tilleggsavgift såleis er urimeleg. Han har gjort gjeldande at det frå verksemda si side aldri har vore plan om unnaluring eller forsøk på feilinformasjon når det gjeld satsinga med bygging og drift av utleigehytter. Ifølgje klagar var planen for dette arbeidet litt for offensiv i høve til inntekter og framdrift med utbygginga. Det viser seg og at det å kome inn på ein god marknad tek tid. Klagar har påpeikt at han tok konsekvensen av dette og baserte mest mogleg av utbygginga på eige arbeid for å gjere det meir økonomisk berekraftig. Dette førte til at investeringa/utbygginga tok lenger tid enn i planen ved oppstart. Klagar har vist til at han ikkje har kunne lese seg til at ved start av ny verksemd så må den vere ferdig investert innan 4-5 år, og at ein kunne bli straffa med attendebetaling av meirverdiavgift og tilleggsavgift for å bruke lenger tid enn ein i utgangspunktet hadde planlagt. Klagar har vist til at han ikkje forstår at det at han bruker litt lenger tid skulle kunne påføre staten eit tap.

Klagar har akseptert etterrekninga av inngåande meirverdiavgift og vedtak om å slette verksemda frå Meirverdiavgiftsregisteret frå 5. termin 2009.

Skattekontoret si vurdering av klagen

Ad. renter:

Når det gjeld klagar sine innvendingar mot rentene, vil skattekontoret merke at det skal bereknast renter ved etterrekning av meirverdiavgift, jf. skattebetalingsloven § 11-2. Renteplikten er lovbestemt og kan ikkje påklagast med den grunngjevinga at ilegginga er urimeleg. Verksemda må eventuelt sende inn ein nærare søknad om ettergjeving/lemping av ilagte renter.

Ad. tilleggsavgift:

Etter mval. § 21-3 kan avgiftsstyresmaktene ileggje tilleggsavgift med inntil 100 % av unndrege beløp om det ligg føre forsettlege eller aktlause brot på lova eller forskrifter gitt i medhald av lova, og ein ved dette har eller kunne ha påført staten tap.

Etter skattekontoret sine retninglinjer av 10.01.2012, revidert 21.10.2014, kan ein gi tilleggsavgift der det er klart sannsynleg at den avgiftspliktige har brote reglar gitt i lova eller forskrift og brotet er aktlaust.

Spørsmålet om å gi tilleggsavgift og storleiken på ho skal vurderast på grunnlag av den einskilde forsømminga.

Dei objektive vilkåra for å gi tilleggsavgift er at det har skjedd eit brot på lova eller forskrift og at brotet har ført til at staten er eller kunne ha blitt påført eit tap.

Skattekontoret har i vedtak av 08.09.2015 kome til at klagar si verksemd knytta til utleige av hytter ikkje oppfyller krava til næringsverksemd. Klagar sin omsetning i 2013 og 2014 er vidare knytta til utleige av hytte nr 1 til bustadformål. Skattekontoret viser til at klagar urettkomen har kravd frådrag for inngåande meirverdiavgift, jf. mval. § 8-1, da vilkåra for registrering i Meirverdiavgiftsregistert ikkje var oppfylt. Klagar har og i strid med mval. § 8-1 kravd frådrag for inngåande avgift knytta til ikkje avgiftspliktig utleige til bustadformål. Denne utleiga er ikkje omfatta av avgiftsplikten for utleige av hytter, feriebustader og annan fritidseigedom, jf. mval. 3-11 (2) bokstav a, jf. §5-5 (1) bokstav c. Skattekontoret meiner difor at det er klart at klagar har brote reglane i meirverdiavgiftslova.

 

Lovbrotet må vidare ha ført til eller kunne ha ført til eit tap for staten. For at staten skal kunne ha blitt påført eit tap, er det tilstrekkeleg at det er sendt inn ei uriktig oppgåve. Det avgjerande er om handlemåten i seg sjølv er egna til å unndra avgift, ikkje om ei slik unndraging ville vere mindre sannsynleg. Som nemnt over har klagar feilaktig kravd frådrag for inngåande meirverdiavgift, jf. mval. § 8-1. I denne saka er det etter dette sendt inn uriktige oppgåver, og vilkåret om at lovbrotet har ført til eller kunne ha ført til eit tap for staten er oppfylt.

 

Skattekontoret finn det klart at dei objektive vilkåra for å ilegge tilleggsavgift er oppfylt.

Det er vidare eit vilkår for tilleggsavgift at klagar har handla aktlaust. Av Skattedirektoratet sine retningslinjer fremgår det at det er tilstrekkeleg at det ligg føre simpel aktløyse. Meirverdiavgiftssystemet byggjer på sjølvdeklareringsprinsippet. Krava til den som førestår avgiftsoppgjeret er difor strenge og det skal ikkje mykje til før eit lovbrot blir rekna som aktlaust. Det blir kravd at den som førestår avgiftsoppgjeret pliktar å setje seg inn i dei reglane som gjeld for den aktuelle verksemda. Klagar har anført at han heile tida har vore open med både utleige og framdrift av utbygging og at det aldri har vore nokon plan om unnaluring. Ifølgje klagar er ilagd tilleggsavgift difor urimeleg. Skattekontoret viser til at det ikkje er noko vilkår at verksemda har hatt til hensikt å unndra meirverdiavgift. Det avgjerande vil vere om verksemda si handlemåte i seg sjølve er egna til å unndra avgift. Reglane om frådragsføring av inngåande avgift og avgiftsplikt og unntaka frå denne, er heilt sentrale og må vere alminneleg kjent for næringsdrivande og deira medhjeparar. Skattekontoret viser til at verksemda frå 2013 har leigd ut hytte nr 1 til bustadformål til ein og same leigetakar. Reglane om at slik utleige ikkje er omfatta av avgiftsplikta for utleige av hytter, feriebustader og annan fritidseigedom må vere kjent for næringsdrivande.

Både dei objekive og dei subjektiv vilkåra for å ileggje tilleggsavgift er oppfylte.

Skattekontoret si innstilling til vedtak

Skattekontoret foreslår etter dette at det vert fatta slikt

 V e d t a k: 

Det påklaga vedtaket om ilagt tilleggsavgift knytta til etterrekna meirverdiavgift for perioden 2013-2014 vert stadfesta.

KLAGENEMNDAS AVGJØRELSE:

Nemndas medlemmer Rivedal, Ongre, Frøystad, Hines Grape og Stenhamar sluttet seg til skattekontorets innstilling.

Det ble etter dette fattet slikt

V e d t a k: 

Som innstilt.