Endre juridisk kjønn
Søknader om endring av juridisk kjønn blir behandla av Skatteetaten (folkeregisterstyresmaktene).
Søknadsskjemaet for endring av juridisk kjønn får du anten ved å bruke kontaktskjemaet over eller ved å sende brev til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Dette må du skrive i kontaktskjemaet:
- At du ønskjer å endre juridisk kjønn
- fullt namn
- fødselsnummer
Vi sender søknadsskjemaet til den folkeregistrerte adressa di. Om du har fleire adresser, må du opplyse om kva adresse vi skal sende skjemaet til.
Om søknadsprosessen
Saman med søknadsskjemaet vil du få meir informasjon om søknadsprosessen og vilkår for å endre juridisk kjønn.
Kven kan søkje?
Du må vere norsk statsborgar eller registrert som busett i Noreg for å søkje om å endre juridisk kjønn.
Du må vere fylt 16 år for å søkje om å endre juridisk kjønn. Søkjarar under 16 år må søkje saman med den eller dei som har foreldreansvaret for dei.