Skjema Q-0151

Forlovarerklæring

Forlovarerklæring må fyllast ut av to forlovarar/vitne, ein for kvar av dykk. Det må vere ein person som kjenner deg.

Dersom brureparet har søkt om prøvingsattest elektronisk, kan du logge inn og fylle ut:

Fyll ut forlovarerklæring

Statsborgarskapet til forlovaren har ikkje noko å seie, men han/ho må vere over 18 år.

Forlovaren treng ikkje vere til stades ved ekteskapsinngåinga.

Du må signere og sende inn skjemaet saman med brudefolket sin søknad. Vi kan ikkje handsame forlovarerklæringar som blir sende inn åleine, ettersom dei ikkje er gyldige utan eigenerklæringa frå brudefolket. Søknaden om prøving av ekteskap skal alltid sendast inn samla og komplett.

Dersom du skal levere forlovarerklæring på papir, må du gjere dette:

  1. Last ned og fyll ut skjemaet Forlovarerklæring.
  2. Send eller lever skjemaet utfylt og signert saman med dei andre nødvendige papira til skattekontoret ditt.

Papirskjemaet finn du hjå Statleg blankettarkiv.