Skjema Q-0160

Erklæring om skifte

Om du har vore gift tidlegare og søkjer om prøving av ekteskapsvilkår, må du fylle ut erklæring om skifte. Du sender inn erklæring om skifte saman med søknad om prøvingsattest eller ekteskapsattest.

Send skjemaet til:

Skatteetaten  
Postboks 9200 Grønland  
0134 Oslo

Fyll ut den delen som gjeld deg

Skjemaet er delt inn i tre delar. Du skal fylle ut den delen av skjemaet som gjeld for din situasjon:

Under to år sidan du vart skild
Del I
Du må fylle ut denne delen av skjemaet dersom det er under to år sidan du vart skild. Skjemaet må sendast inn per post og vere underskrive av tidlegare ektefelle.

Ekteskap løyst opp ved død
Del II
Du må fylle ut denne delen av skjemaet og sende det inn per post viss det tidlegare ekteskapet ditt stansa fordi ektefellen din døydde. Skjemaet må vere underskrive av alle arvingane. I tillegg må du sende inn skifteattest frå Tingretten med oversikt over kven som er arvingar.

Over to år sidan du vart skild
Del III
Du må fylle ut denne delen av skjemaet og sende det inne per post dersom det er over to år sidan du vart skild. Når det er over to år sidan skilsmissa kan du sjølv underskrive på at skifte er gjennomført eller at det ikkje var noko å skifte.

Merk! Om du skal søkje om prøvings-/ekteskapsattestattest digitalt, treng du ikkje fylle ut papirskjema for erklæring av skifte, når det er over to år sidan du vart skild. Dette er ein del av den digitale søknaden.

For personer som er skilt etter utenlandsk rett, må skilsmissen være anerkjent av Statsforvalteren. Dette gjelder ikke hvis skilsmissen ble gjennomført i et av de andre nordiske landene, og begge ektefellene var bosatt og hadde statsborgerskap i et nordisk land på tidspunktet for skilsmissen.

Når Statsforvalteren må anerkjenne skilsmisse etter utenlandsk rett, kan man også søke om fritak for å dokumentere skifte hvis det er mindre enn to år siden skilsmissen ble innvilget. Søknadskjema kan lastes ned hos Statsforvalteren.