Skjema RF-1075
Leige av fast eigedom
Enkelte leigetakarar må gi opplysningar om leigeforhold til Skatteetaten.
Er du leigetakar og får leige bustad gratis eller mot betaling fordi du er arbeids- eller oppdragstakar, skal du levere skjema RF-1075 innan 31. januar året etter. Dette gjeld ikkje viss bustaden er eigd av staten, ein fylkeskommune, ein kommune eller eit norsk aksjeselskap.
Har du leigd ein heil bustad eller ein del av ein bustad frå eigen arbeidstakar, skal du også levere skjema RF-1075, med mindre leigebeløpet er rapportert i a-ordninga.
Tidlegare skulle RF-1075 også leverast av utleigeformidlarar, men dei skal no rapportere det inn som tredjepartsopplysningar.