Skjema RF-1314

Realisasjon av aksjar og andelar etter opphøyr av skattemessig bustad i Noreg

Oppgåva skal leverast av personlege skattytarar, under dette personlege næringsdrivande, for realiserte gevinstar og tap på aksjar og andre andelar innan 5 år etter at skattemessig bustad i Noreg er avslutta.

Oppgåva gjeld dei som er skattemessig utflytta frå Noreg 01.01.2022 eller tidlegare. Ved utflytting etter 01.01.2022, skal denne type realisasjonar fyllast ut i skattemeldinga.

Skjemaet blir brukt for å berekne eventuell skattepliktig gevinst eller frådragsgodkjent tap. Skattepliktig gevinst eller frådragsgodkjent tap blir ført i skattemeldinga for det året salet har skjedd.

Gjer du deg ingenting, vil berekningane våre vere dei som ligg til grunn for preutfylling i skattemelding. Du kan også gjere endringar direkte i skattemeldinga.

Skjemaet skal ikkje nyttast dersom du har selt næringseigedom.

Du får hjelp og rettleiing når du loggar inn og fyller ut skattemeldinga di, anten du gjer det i rekneskapssystemet ditt eller i Altinn.

I rettleiinga til skjemaet får du hjelp til å fylle ut:

Du må levere  elektronisk. Papirskjemaet kan du bruke til førebuingar og som støtte ved utfylling i Altinn.

Dersom du oppdagar feil eller har motteke nye eller forseinka oppgåver kan du framleis endre og levere på nytt.

2021

2020

2019