Skjema RF-1330

Køyreløyve ved mellombels opphald i Noreg

Oppheld du deg mellombels i Noreg, kan du bruke eit utanlandsregistrert køyretøy i inntil to år. Du må søkje om mellombels køyreløyve for det andre året.

Viktig informasjon

For flyktningar som kjem til Norge frå Ukraina og som har med seg den utanlandsregistrerte bilen sin, er det gjort tilpassingar i regelverket for innførsel og midlertidig bruk av utanlandsregistrert bil i Noreg.

Kor lenge skal du vere i Noreg?

Inntil eitt år

Dersom du kan dokumentere at du skal opphalde deg i Noreg i inntil eitt år, kan du bruke utanlandsregistrert køyretøy utan å søkje om køyreløyve.

Inntil to år

Dersom du skal opphalde deg i Noreg i inntil to år, må du søkje om mellombels køyreløyve for det andre året. Du må søkje innan eitt år rekna frå innreisetidspunktet ditt. Du må rekne med ei sakshandsamingstid på minst 14 dagar.

Logg inn, fyll ut og lever RF-1330:

Søk om køyreløyve

Meir enn to år

Dersom du skal vere i Noreg i meir enn to år, blir ikkje opphaldet rekna som mellombels.

Dokumentasjon

Du må til kvar tid kunne dokumentere at du ikkje kjem til å opphalde deg i Noreg i meir enn eitt eller to år frå innreisetidspunktet. Med innreisetidspunktet meiner vi det tidspunktet du reiser inn til Noreg, ikkje det tidspunktet køyretøyet blir innført til Noreg.

For at opphaldet ditt skal reknast som mellombels, kan du ikkje ha opphalde deg eller vore folkeregistrert i Noreg i meir enn 365 dagar i løpet av dei to siste åra før innreisetidspunktet ditt.

Døme på dokumentasjon:

  • arbeidskontrakt i Noreg som er tidsbegrensa 
  • studieplass i Noreg
  • papir som viser at du skal returnere til arbeid i utlandet (til dømes innvilga permisjonssøknad)
  • papir som viser at du leiger ut eigen bustad i utlandet (til dømes utleigekontrakt)

Dokumenta må vere tidsavgrenset til eitt eller to år rekna frå innreisetidspunktet ditt. Har du til dømes inngått ein arbeidskontrakt, må denne vere tidsbegrenset. Har du ein avtale om prøvetid, blir ikkje rekna prøvetida som dokumentasjon for eit mellombels opphald. I prøvetidsperioden har du derfor ikkje moglegheit til å bruke utenlandsregistrert bil.

Ver merksam på følgjande:

  • Du må allereie på innreisetidspunktet og gjennom heile opphaldet, kunne dokumentere at du har mellombels opphald i Noreg. Det inneber til dømes at du ikkje kan vere arbeidssøkjande på innreisetidspunktet.
  • Dersom situasjonen din endrar seg slik at du blir rekna for å ha fast opphaldsstad i Noreg, må du utføre eller fortolle køyretøyet. Det finst likevel somme unnatak for personar med fast opphaldsstad i Noreg.

Dersom du ikkje følgjer regelverket må du betale avgifter. Du kan òg bli pålagt tilleggsskatt.

Regelverk

Reglane for bruk av utanlandsregistrert køyretøy ved mellombels opphald i Noreg finn du i forskrift om avgiftsfri innførsel og midlertidig bruk av utenlandsregistrert motorvogn i Norge.

Skattedirektoratet har utarbeidd kommentarar til forskrifta. Kommentarane finn du i årsrundskriv for engangsavgift.