Skjema RF-1370
Klage på utleggstrekk knytte til bidragskrav og krav frå Nav, Helfo og Garantikassa for fiskarar
Om vi har starta tvangsinnkrevjing av bidragskrav eller krav frå Nav, Helfo og Garantikassa for fiskarar, kan du søkje om at vi trekkjer eit lågare beløp av inntekta di dersom den økonomiske situasjonen har endra seg.
Når du klagar på at du har fått eit trekk, må du grunngi kvifor du meiner at trekket er feil, eller at det er starta tvangsinnkrevjing i saka.
Du kan også sende inn på papir. Det må kome fram kvifor du meiner trekket er for høgt. Signer søknaden din.
Send søknaden til:
Opplysningar i søknaden
Når vi behandlar søknaden din, tar vi berre omsyn til dei opplysningane du dokumenterer. Du må derfor leggje ved dokumentasjon på at dei opplysningane du gir, er rette.
Døme på opplysningar som kan vere viktige å dokumentere:
- om inntekta di har gått ned
- nye utgifter som vi kan ta omsyn til, som ikkje allereie er registrerte
- auke i eksisterande utgifter, til dømes husleige
- endra sivilstatus, slik at du har vorte åleine om utgiftene
- om du forsørgjer ektefellen/sambuaren din
Du treng ikkje å dokumentere utgifter til livsopphald.
Merk deg at viss du får innvilga søknaden om lågare trekk, vil det forlenge nedbetalingstida di.
Viss det blir berekna forseinkingssrenter på kravet ditt, vil også det kunne forlenge nedbetalingstida di.